Positive til å gje lån til Øygarden fotballklubb
Etter ein lengre debatt torsdag kveld, vart det mot fire røyster (MDG og SV) vedteke at Øygarden kommune er positiv til å gje Øygarden FK eit rentefritt lån på inntil kr 1,2 millionar kroner. Saka kom opp som ekstrasak etter at klubben har hamna i eit økonomisk utføre og treng eín million kroner for å unngå konkurs. Klubben har søkt om eit rentefritt på to – tre millionar kroner. Formannskapet får fullmakt til å gje lån basert på visse føresetnader.
Les meir.
Legg ut revidert planstrategi
Utval for samfunnsutvikling vedtok i dag (16. mai) å gjera den framlagde reviderte planstrategien 2020-2023 offentleg tilgjengeleg i 30 dagar. Etter framlegg frå fleirtalspartia, Høgre, Frp, Sotralista og KrF, vart det også vedteke at bustadsosial plan startar opp i løpet av 2022 og at plan for oppvekststruktur vert teken ut av planstrategien.
Les meir.
Ordførar og varaordførar talte for dagen og la ned krans
Ordførar Tom Georg Indrevik talte på Kolltveit på nasjonaldagen.
- Når vi nå igjen kan samlast, la oss ta kvarandre i handa, gje ein klem, og la oss visa heile verda at vi sluttar opp om nasjonaldagen vår, sa ordføraren.
- Vi tenkjer på dei som gav livet sitt for vår fridom, og vi tenkjer på familiane deira, sa varaordførar Torill Selsvold Nyborg då ho la ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje.
Les meir.
Sei di meining om prosessen med å utarbeida samfunnsdelen
Samfunnsdelen til kommuneplanen vart vedteken av kommunestyret 24. mars 2022, og er eit resultat av ein stor og omfattande prosess. Her har både innbyggarar, næringslivet, lag og organisasjonar, tilsette, folkevalde og andre bidrege. Vi ønsker no å få tilbakemelding på prosessen med å arbeida fram planen.
Les meir.
Fortel om det som skjer i Øygarden!
Ønskjer laget/organisasjonen din å invitera til eit ope arrangement? Då kan du leggja informasjon om dette inn i kalenderen på nettsida til Øygarden kommune. Vi gjer merksam på at informasjonen om arrangement vert kvalitetssikra og publisert etter kvart som han kjem inn.
Les meir.
Sommarvikar reinhald
Reinhaldsavdelinga i Øygarden kommune søker etter sommarvikarar på ulike institusjonar, helsebygg, administrasjonsbygg, kyrkjer og barnehagar i kommunen. Gjeld perioden 1. juli til 1. september.
Les merir.
Ny ordning - Søk om tilskot til integreringsarbeid
Her kan frivillige organisasjonar søke om prosjektstøtte og driftstilskot til integreringsarbeid. Øygarden kommune forvaltar dette tilskotet på vegne av integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (20)
- 16.05.: Interne møte
Møte med Øygarden næringsutvikling
Politisk arbeidsutval
- 17.05.: Tale på Kolltveit skule kl. 12.00
- 18.05.: Statsforvaltarmøte i Balestrand
- 19.05.: Balestrand, KS (fellesorganisasjon for kommunane)
- 20.05.: Skatteutvalet i Høgre, heildagsmøte NHH
- 21.05.: Opning av sykkelbanen Spildepollen
Vigsel
- 22.05.: Straumemila
Ordføraren neste veke (21)
- 23.05.: Interne møte
Utdeling av Miljøfyrtårn
Møte med Øygarden næringsutvikling
Formannskapsmøte
- 24.05.: Møte om mobilitetsstrategi
Ordførarmøte Vestland fylke
Generalforsamling ØyVAR
- 25.05.: 50 år sidan Sotrabrua vart offisielt opna
Trappeløp Øygarden rådhus
Lunsj med repr. frå Sotra vidaregåande skule
- 26.-27.05.: Fri
- 28.05.: Vigsel
- 29.05.: Sentralstyremøte Høgre
Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (20)
- 16.05.: Interne møte
Styremøte i bustadstiftinga
Gruppemøte KrF
- 17. 05.: Nasjonaldag
- 18.05.: Rådhuset
- 19.05.: Kommunestyremøte
- 20.05.: Privat
Varaordføraren neste veke (21)
- 23.05.: Interne møte
Møte med Øygarden næringsutvikling
Formannskapsmøte
Dialogmøte
- 24.05.: Synfaring nytt bibliotek
Ungdommens kommunestyre
Nominasjonsnemd, KrF
Styremøte KrF
- 25.05.: Rådhuset
- 26.05.: Kristi himmelfartsdag
- 27.05.: Fri