Føreslår prøveprosjekt med gratis kollektivtransport
Ordførar Tom Georg Indrevik er uroa over stadig lengre trafikkøar til og frå Øygarden.
- Eitt av tre tiltak er at vi i eit spleiselag innfører gratis kollektivtransport til og frå Øygarden i fem år frå 1. januar 2023. Ordføraren viser til at det over lang tid har vore aukande kø over Sotrabrua. På det jamne har det passert over 30 tusen køyretøy over brua pr. døger.
Les meir.
Føreslår vekst i dei frie inntektene
Regjeringa føreslår å auka dei frie inntektene til kommunane i 2023 på mellom 1,8 og 2,3 milliardar kroner. Dei frie inntektene er samansett av rammetilskot og skatteinntekter. I framlegget til kommuneproposisjon for 2023 (kommuneopplegget) føreslår regjeringa at kommunane får to tredelar av veksten i dei frie inntektene, medan fylkeskommunane får resten.
Les meir.
Møtte Hordalandsbenken på Stortinget
Det handla om samfunnsdelen til kommuneplanen, næringslivet og kollektivtransport då leiinga i Øygarden og Vest Næringsråd møtte stortingsrepresentantane frå Hordaland tysdag ettermiddag. - Vi har all grunn til å vera nøgde med møtet vi fekk med representantane, seier ordførar Georg Indrevik.
Les meir.
Reknar med 15 tusen deltakarar
Både fotballhallen, Sotra Arena og turnhallen i Straume idrettspark er fylt opp med næringsaktørar inn havbruk og fiskeri denne veka. Ordførar Tom Georg Indrevik ønskte deltakarane av HavExpo velkomen til Øygarden på opningsdagen tysdag. Ordføraren meinte at det er god grunn til å vera optimistisk med tanke på framtida for denne næringa.
Les meir.
- Når eg les, drøymer eg meg bort
Det seier Tobias Børstad i 3b på Landro skule om opplevinga av å lesa bøker. Alle trinna på skulen deltek no i den nasjonale lesekonkurransen Lesereisen. Denne veka fekk skulen besøk av Lesereisebilen. Dei 80 elevane i tredje og fjerde trinn var samla i gymnastikksalen då Anita Lundberg og Anette Bratvold frå Lesereisebilen gav dei oppdatering i konkurransen. Landro skule er ein av fire skular i Vestland fylke som får besøk frå Lesereisebilen.
Les meir.
Ver obs på datainnbrot
Norkart er utsett for datainnbrot. Dette kan også få konsekvensar for innbyggjarar i Øygarden ettersom kommunen nyttar tenester frå Norkart. Norkart er leverandør av IT-systemer for kart- og eiendomsinformasjon. Innbrotet i søketenesta vart avdekt 5. mai og straks stengt. Datainnbrotet er meldt til politiet og etterforskning pågår.
Les meir.
Markerte frigjerings- og veterandagen
8. mai var markert fleire stader i Øygarden.
- I dagens situasjon i verda er det viktigare enn nokon gong å markera frivgjeringa vår og veterandagen, sa ordførar Tom Georg Indrevik. Ordføraren og varaordførar Torill Selsvold Nyborg delte på talaroppgåvene på dei fleire av stadene dagen vart markert.
Tilrår å flytta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) til rådhuset
Formannskapet tilrår at PP-tenesta vert flytta til dei tidlegare NAV lokala i Øygarden rådhus, og at det vert utført nødvendige tilpassingar av lokala. PPT er i dag lokalisert i Skjenet 2. Dersom kommunestyret sluttar seg til dette skal det gjennomførast ei ombygging av dei tidlegare NAV-lokala i underetasjen og andre etasje i Øygarden rådhus innanfor ei kostnadsramme på 7,5 millionar kroner.
Les meir.
Midlar til integrering av ukrainske flyktningar
IMDi utlyser 45 millioner kronar i tilskotsmidlar til integrering av ukrainske flyktningar. Søknadsfrist er allereie 20. mai. Frivillige organisasjonar kan få støtte på inntil 1 000 000 NOK frå IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) til prosjekter, arrangement eller aktivitetar som bidreg til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant ukrainske flyktningar og deira born.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (19)
- 09.05.: Møte i Norske Petroleumskommunar
Møte med Basecamp
Møte om kollektivsatsinga
Møte med Lennart Fjell
- 10.05.: Møte med Ragsell
Opning av Havexpo
Presentasjon for Hordalandsbenken, Stortinget
- 11.05.: Havexpo
- 12.05.: Havexpo
Møte med Øygarden FK
Formannskapet
Folkemøte om psykiskhelse
- 13.05.: Møte arbeidsutvalet Høgre
Innlegg på morgonsamling Kolltveit skule
Møte i Bergensalliansen
- 14.05.: Strilawalk
Opning av Diskgolfbane på Tjeldstø
- 15.05.: Mottaking/lunsj delegasjon frå USA
Ordføraren neste veke (20)
- 16.05.: Interne møte
Møte med Øygarden næringsutvikling
Politisk arbeidsutval
- 17.05.: Tale på Kolltveit skule kl. 12.00
- 18.05.: Statsforvaltarmøte i Balestrand
- 19.05.: Balestrand, KS (fellesorganisasjon for kommunane)
- 20.05.: Skatteutvalet i Høgre, heildagsmøte NHH
- 21.05.: Opning av sykkelbanen Spildepollen
Vigsel
- 22.05.: Straumemila
Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (19)
- 09.05.: Interne møte
Møte med Basecamp
- 10.05.: Stand på Havexpo
- 12.05.: Formannskapsmøte
- 13.05.: Politiråd, Askøy rådhus
Varaordføraren neste veke (20)
- 16.05.: Interne møte
Styremøte i bustadstiftinga
Gruppemøte KrF
- 17. 05.: Nasjonaldag
- 18.05.: Rådhuset
- 19.05.: Kommunestyremøte
- 20.05.: Privat