Lettar på smitteverntiltaka
Regjeringa vedtok den 13. januar å letta på smitteverntiltaka mot koronaviruset. Det er forventa høge smittetal i vekene som kjem, men som samfunn tåler vi viruset betre. Difor vert det gjort fleire lettingar i tiltaka.
Les meir.
Fekk tips om drop-in-vaksinering
Kokk om bord på fiskebåten Ligrunn, Torbjørn Nilsen, nytta seg av drop-in-tilbodet i Sotra Arena på onsdag. Båten låg til kai på Liaskjeret, og då kunne kokken frå Florø nytta høvet til å ta oppfriskingsdosen. Det har vore vaksinert tre dagar denne veka, både for timebestilling og drop-in. Øygarden kommune har fått hjelp frå Forsvaret til å gjennomføra vaksinering.
Les meir.
Fekk overrekt Miljøfyrtårnsertifikat
Fredag fekk Monter Øygarden tildelt Miljøfyrtårnsertifikat.
- Både sentralt og lokalt er Monter oppteken av miljø, seier dagleg leiar Rune Knappen. Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga.
Les meir.
Utfordra politikarar om samfunnsplanen
Dagen før fristen for å koma med høyringsinnspel den 12. januar, var ungdommens kommunestyre tysdag kveld samla til innspelsmøte om samfunnsdelen til kommuneplanen. På møtet var det innleiing ved nestleiar i UKS, Ingrid Skjold, Kahoot-konkurranse, gruppeoppgåver og spørsmål til politikarane i plenum. Samfunnsdelen til kommuneplanen vert vedteken av kommunestyret i mars.
Les meir.
Feira 100-åringen Ingvarda Johnsen
Sist helg var det fest på Toft. Då vart 100-årsdagen for Ingvarda Johnsen markert. Dagen vart feira saman med naboar, vener og familie. Ordførar Tom Georg Indrevik helsa på vegner av kommunen. - Eg vil takka for den store innsatsen du har gjort på Toftøy skule i 42 år som reinhaldar. Du skal også ha skryt for dei gode lefsene du lagar, sa ordføraren. Ingvarda var barnefødd og oppvaksen på Krokjen i Toft. Mange på Toftøyna vil hugsa Ingvarda som reinhaldar på Toftøy skule gjenom 42 år.
Les meir.
Kurs med Daniel Grindeland på Liljevatnet
Glede og meistring står sentralt på kurs hos Daniel i lokalet til kulturskulen på Liljevatnet. I løpet av kurset skal elevane læra mange nye dansesteg, kule moves og å laga sine eigne dansekoreografiar. Kurset vert halde på torsdagar i vekene 5 til 11 (med unnatak av vinterferien i veke 9).
Les meir.
Utdeling av Miljøfyrtårsertifikat
Monter på Rong i Øygarden fekk fredag overrekt………
………………
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (02)
- 10.01.: Interne møte
Møte med Blå Kors
Politisk arbeidsutval
- 11.01.: Innspelsmøte ungdommens kommunestyremøte om samfunnsdelen til
kommuneplanen
- 12.01.: Møte om Frivilligåret 2022
Foredrag for Bergenhus Rotary Klubb
- 13.01.: Møte i Trafikkgruppa
Møte i Miljøløftet
- 14.01.: Møte om kraftsituasjonen
Deler ut Miljøfyrtårn
- 15.01.: Samling for Bergen City Marathon
Ordføraren neste veke (03)
- 17.01.: Interne møte
Møte med MOT Coacher
Politisk arbeidsutval
Møte i sentralstyret i Høgre, sentralt, digitalt
- 18.01.: Besøk på kontoret vedr. diktsamling
Møte i formannskapet
- 19.01.: Styringsgruppe Invest in Bergen
- 20.01.: Interne møte
Møte om plan for nytt næringsareal på Eide
- 21.01.: Møte arbeidsutvalet i Høgre, digitalt
Vigsel
- 22,01.: Vigslar
Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (02)
- 10.01.: Interne møte
Politisk arbeidsutval
- 11.01.: Høyringsmøte ungdommens kommunestyre
- 12.01.: Kontorarbeid
- 13.01.: Møte i trafikkgruppa
Varaordføraren neste veke (03)
- 17.01.: Interne møte
Årsmøte KrF
- 18.01.: Formannskapsmøte
- 19.01.: Kontordag
- 20.01.-21.01.: Privat