Aktuell informasjon

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 1.

Ill. - Klikk for stort bileteIll. 

Deler ut 6,8 millionar kroner i kompensasjonsmidlar til verksemder

Øygarden kommune er tildelt 6,8 millionar kroner som skal fordelast til næringar som framleis er ramma av inngripande smitteverntiltak og avgrensingar. Fristen for å søkja om midlar er 19. januar med utbetaling seinast 31. januar.
Les meir.

Innovativt fellesskap for ungdom i utanforskap 

NAV har eit nytt tilbod som nyttar ny metode og teknologi. Er du mellom 18 og 30 år, og utan arbeid eller utdanning? Eller kjenner du nokon som kunne hatt nytte av eit nytt og innovativt tilbod? Øygarden-modellen er eit fellesskap med ungdom som har ambisjonar om vegen vidare mot arbeid og/eller utdanning. NAV Øygarden tilbyr arbeidssøkjarar under 30 år. deltaking i Øygarden modellen. 
Les meir.

Kva skjedde i Øygarden i 2021?

Også 2021 vart eit år prega av pandemien. Men det skjedde også mykje anna i Øygarden. Her kan du lesa om litt av det som skjedde i kommunen vår i 2021. Les meir.

Korleis identifisera barn og unge 5 - 17 år i risikogruppe til vaksinasjon?

Foresatte må ta kontakt med fastlege eller barnelege som må ta vurderinga i forhold til om barnet skal ha vaksine. Ta deretter kontakt med vaksinetelefonen for vidare informasjon. Vi ber om at innmelding vert gjort så raskt som mogleg, frist for innsending av innmelding er 20. januar.
Les meir.

Prisar for kommunale tenester

Kommunestyret i Øygarden gjorde 16.12.2021 vedtak om gebyr- og brukarbetalingar gjeldande frå 01.01.2022. Her finn du detaljar om gebyr og brukarbetalingar. 
Les meir.

Vaksinerer på apotek på Straume frå 27. desember

Måndag 27. desember opnar Vitusapotek Sartor Storsenter dørene for vaksinasjon mot koronaviruset i apoteklokalet. Avtalen med apoteket vart inngått 23. desember.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (01)

  • 03.01.: Interne møte
               Vigsel
  • 05.01.: Interne møte
  • 06.01.: Møte med kulturavdelinga om Frivilligåret 2022
  • 07.01.: Møte i arbeidsutvalet i Høgre, Oslo
  • 08.01.: Besøk 100 åring Ingvarda Johnsen 

Ordføraren neste veke (02)

  • 10.01.: Interne møte
                Møte med Blåkors
                Politisk arbeidsutval
  • 11.01.: Innspelsmøte ungdommens kommunestyremøte om samfunnsdelen til  
               kommuneplanen
  • 12.01.: Møte om Frivilligåret 2022
               Foredrag for Bergenhus Rotary Klubb
  • 13.01.: Møte i trafikkgruppa
               Møte i Miljøløftet
  • 14.01.: Møte om kraftsituasjonen
               Deler ut Miljøfyrtårn
  • 15.01.: Samling for Bergen City Marathon

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg neste veke (02)

  • 10.01.: Interne møte
               Politisk arbeidsutval
  • 11.01.: Høyringsmøte ungdommens kommunestyre
  • 12.01.: Kontorarbeid
  • 13.01.: Møte i trafikkgruppa