Budsjettforslag på høyring
Formannskapet vedtok på tysdag å leggja kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025 ut på høyring i 14 dagar. Med budsjettframlegget følgjer seks endringsframlegg frå parti/partigrupperingar. Partia og partigrupperingane presenterte dei seks framlegga i formannskapet utan debatt. Budsjettdebatten vert dermed gjennomført i kommunestyret den 16. desember.
Le meir.
- Vi ønskjer å spela ei rolle
- Vi ønskjer å vera ein del av samfunnsdelen til kommuneplanen. Det var bodskapen frå Anne Kristine Telle då ho snakka om det lokale engasjementet på Glesvær på det opne høyringsmøtet om samfunnsdelen til kommuneplanen tysdag kveld. Samfunnsdelen er det viktigaste verktøyet kommunen har til å styra kommunen fram mot 2034 og handlar om korleis samfunnet og tenestene skal utviklast i eit langsiktig perspektiv.
Les meir.
Smittevernreglar gjer det tryggare å gå på julebord
På fredag innførte Øygarden kommune og ei rekkje andre kommunar i bergensområdet ei forskrift om bruk av munnbind og registrering av gjester på serveringsstader.
- Dette er eit viktig bidrag til å gjera juleborda endå tryggare, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.
Underteikna avtalar med idrettsrådet og amatørkulturrådet
Det var tid for kake og kaffi fredag ettermiddag då leiarane av idrettsrådet og amatørkulturrådet saman med leiinga i kommunen underteikna ein to-årig samarbeidsavtale.
Les meir.
Oppgraderer nybygg
Kommuneleiinga hadde måndag besøk av attføringsbedrifta Trigger AS. Kjøp av bygg vegg i vegg med lokalet i Straume Næringspark vil auka arealet frå 720 til om lag 1 500 kvadratmeter. Dagleg leiar Hege Elvestad opplyste at det vert gjennomført ei oppgradering på fem-seks millionar kroner.
Les meir.
Mamma Mia! Here we go again
For første gong på eitt og eit halvt år fekk bebuarane på Straume bu- og servicesenter og Fjell sjukeheim endeleg samlast i kantina igjen. Det er berre gått ei veke sidan moteshowet på Tednebakkane. Torsdag føremiddag måtte Instinct menswear og Matilla rulla ut den raude løparen igjen.
Les meir her.
Innvandring sikra nettoinnflytting tredje kvartal
Ved utgangen av tredje kvartal 2021 var folketalet i Øygarden kommune på 38 908 innbyggjarar. I løpet av dette kvartalet var det 579 personar som flytta til Øygarden frå andre stader i landet. Samstundes flytta 583 personar ut av kommunen.
Les meir.
Her er nokre smittevernråd for juleavslutningane
Mange gler seg til juleavslutninga i barnehagen eller på skulen.
- Vi er inne i ein periode med auka koronasmitte. Men dersom vi førebur oss godt og legg forholda godt til rette, er det forsvarleg å gjennomføra juleavslutningane slik situasjonen er no, seier smittevernlege Bjørg Møllerløkken.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (47)
• 22.11.: Interne møte
Delta på lanseringa av Grønn Region Vestland
Møte med Trigger
Møte med administrasjonsutvalet
Gruppemøte
• 23.11.: Møte med mobilitetsgruppa
Formannskapsmøte
Innbyggjarmøte om samfunnsplanen
• 24.11.: Interne møter
Møte med Øygarden næringsutvikling
Politiråd
Møte med Equinor om el-kraft
Pilgrimsvandring
Ordføraren neste veke (48)
• 29.11.: Interne møte
Innlegg på einingsleiarmøte Helse og velferd
Politisk arbeidsutval
Møte om lukt frå asfaltverk
Møte med FAU på Ulveset skule og Skålvika skule
• 30.11.: Oslo
Deltek på haustforum i Equnior, Oslo
• 01.11.: Opning av aksjonssenteret Lokalmedisinsk senter
Møte med Sotra Sportsklubb
Kontaktmøte Sture & Kollsnes
• 02.11.: Møte om OTD 2022 (olkemesse)
Styremøte Ågotnes Næringspark
Rundtur på innbyggertorga i samband med kommuneplanen
• 03.11.: Styremøte i Ferde
Høyringsarrangement RFF, samfunnsdelen til kommuneplanen
• 04.11.: Nissefest på Straume inkludert utdeling av frivilligsprisen
Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (47)
• 22.11.: Interne møte
Styremøte i Øygarden Bustadstifting KF
• 23.11.: Oppstartsmøte Mobilitetsgruppe
Formannskapsmøte
Jubileumsfest Sotra Hageselskap 50 år
• 24.11.: MOT-konferanse i Trondheim
• 25.11.: MOT-konferanse i Trondheim
• 26.11.: Fest mannsgruppa Foldnes kyrkje
Varaordføraren neste veke (48)
- 29.11.: Interne møte
- 30.11.: Privat
- 01.12.: Opning aksjonssenteret Øygarden lokalmedisinske senter
- 02.12.: Møte med Verdighetssenteret
- 03.12.: Styremøte i Øygarden Bustadutvikling