Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 46.

Ill. - Klikk for stort bileteIll. 

Her er det nye ungdommens kommunestyre

Emil Øvretveit er vald til leiar av ungdommens kommunestyre (UKS) i Øygarden, medan Ingrid Skjold vert nestleiar. UKS konstituerte seg i sist veke. UKS er samansett av 11 medlemer. Etter ein prosess med rekruttering av kandidatar, vedtok kommunestyret den 28. oktober kven som skal sitja i UKS. Det er ungdomspolitikarane sjølv som vel leiar og nestleiar.'
Les meir her.

Innfører påbod om munnbind og registrering av gjester på serveringsstader

Etter samrådingsmøte mellom fleire kommunar fredag, har kommunane i bergensområdet valt å gjennomføra dei same smitteverntiltaka som Bergen no innfører. Bakgrunnen for dette er at talet på koronasmitta har auka kraftig i regionen den siste tida og auka presset på helsetenesta.
Les meir her.

Tilrår å godkjenna plan for Ebbesvika-Straume

Utval for plan rår til at detaljreguleringsplan for Ebbesvika-Straume vert godkjend. Etter offentleg ettersyn er det gjort nokre endringar i planen. Kommunestyret gjer endeleg vedtak. Planområdet er på 44 dekar og ligg i næringsklynga sør for regionsenteret Straume. Formålet med planen er å leggja til rette for næringsverksemd med teknisk infrastruktur.

Les meir her.

Stengjer påkøyringsrampe i rushtida

Frå og med 18. november vert påkøyringsrampen på riksveg 555 frå Sartor Storsenter (mot aust) stengd for trafikk mellom 06.00 og 09.00 måndag – fredag. Bakgrunnen for endringa er at Statens vegvesen har avslutta og gjort ferdig førebuande arbeid i Arefjorden og at opphavleg køyremønster difor vert tilbakeført.
Les meir her.

Tilbod om gratis middag vert fullført 

Suksessen med gratis middag til eldre var tema for eitt av spørsmåla på utval for tenester og levekår (UTL) på onsdag. Egil Haaland (Ap) sa i samband med spørsmål at tilbodet om gratis middag til heimebuande eldre har gått over all forventing. Han viste likevel til at ved fleire av arrangementet har plassane vore fullteikna med mellom anna deltakarar frå nabokommunar.
Les meir her.

Nytt møte i beredskapsrådet

Denne veka var ei rekkje aktørar samla til beredskapsråd i Øygarden rådhus. På dei siste møta har dei ulike rednings- og hjelpeaktørane presentert arbeidet sitt. Det vert gjennomført to beredskapsråd kvart år.
Les meir her.

Gjenopna teststasjonen ved Sotra Arena

Teststasjonen for koronaviruset ved Sotra Arena vart gjenopna i dag klokka 12 etter at han vart teken ut av drift i forkant av bilmessa tidleg i november. No er teltet erstatta med to brakker plassert ved inngang 6 (transportinngang).
Les meir her.

Utsette sak om ny skule på vestsida

Utval for samfunnsutvikling vedtok i dag (16. november) å utsetja saka om plassering av ny skule for vestsida. Vedtaket om å utsetja vart gjort samrøystes etter framlegg frå Arbeidarpartiet og gruppemøte i fleirtalskoalisjonen. Marita Harkestad Oen (Ap) sa at ved å behandla saka i dag ville ein hoppa over viktige politiske prosessar.
Les meir her.

Di kyrkje for alle dagar

I år er det 20 år sidan dåverande biskop Ole D. Hagesæther vigsla Foldnes kyrkje. Sundag 14. november var det jubileumsgudsteneste. Ordførar tom Georg Indrevik understreka i helsinga på gudstenesta at det handlar om kva kyrkja kan bety for menneske i kvardagen. Han viste mellom anna til at tidlegare ordførar Lars Lie var sentral i arbeidet med å realisera denne kyrkja.
Les meir her.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (46)

  • 15.11.:  Innlegg på Leve heile livet-konferansen
                Beredskapsråd
                Møte med Sotra Sportsklubb
                Innbyggjar møte om Vestprosess-røyrleiding
  • 16.11.:  Styremøte i NPK ( Norske Petroleumskommuner)
                Besøk på den nye teststasjonen
                Årsmøte Øygarden Høgre
  • 17.11.:  Interne møte
                Regionalt møte om Covid-19
  • 18.11.:  Møte med byrådsleiaren om Bergen Havn
                Møte om framdrift og status for plastryddeaksjonen
                20-årsjubileum for Gassco i Haugesund
  • 19.11.: Besøk på Kårstø og møter med Gassco
  • 20.11.: Folkevaldkonferanse Oslo, Høgre
  • 21.11.: Besøk på turnstemne Sotra Arena

Ordførararen neste veke (47)

  • 22.11.:  Interne møte
                Delta på lanseringa av Grønn Region Vestland
                Møte med Trigger
                Møte med administrasjonsutvalet
                Gruppemøte
  • 23.11.:  Møte med mobilitetsgruppa
                Formannskapsmøte
                Innbyggjarmøte om samfunnsplanen
  • 24.11.. Interne møte
               Møte med Øygarden næringsutvikling
               Politiråd
               Møte med Equinor om el-kraft
               Pilgrimsvandring  

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (46)

  • 15.11. - 16.11.: Ferie
  • 17.11.:  Dialogmøte CCT
                Fellesmøte budsjett 2022
  • 18.11.:  Rydd Vestland
  • 19.11.:  Kontorarbeid

Varaordføraren neste veke (47)

  • 22.11.: Interne møte
               Styremøte i Øygarden Bustadstifting KF
  • 23.11.: Oppstartsmøte Mobilitetsgruppe
               Formannskapsmøte 
               Jubileumsfest Sotra Hageselskap 50 år
  • 24.11.: MOT-konferanse i Trondheim
  • 25.11.: MOT-konferanse i Trondheim
  • 26.11.: Fest mannsgruppa Foldnes kyrkje