Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 41.

Ill. - Klikk for stort bileteIll. 

Krigshelten Jakob Strandheim er død

Jakob Strandheim, som for tre veker sidan vart heidra for krigsinnsatsen sin, døde på fredag.
Les meir her.

Øygarden kommune får 10,3 millionar frå Havbruksfondet

140 laksekommunar i landet får utbetalt om lag eín milliard kroner for 2021. Pengane vert utbetalte i haust.
Les meir her.

Seks politiske møte i neste veke

Politiske utval og råd skal i neste veke mellom anna drøfta utkastet til samfunnsdelen til kommuneplanen 2022-2034 og sak om eventuell nedlegging av Blomvåg skule. Utval for samfunnsutvikling har sitt møte veka etter, den 26. oktober. Formannskapet har arbeidsmøte om oppfølging av økonomirapport den 21. oktober.
Les meir.

Utkast til samfunnsplan klar for høyring 

Denne veka presenterer kommunedirektøren utkast til samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden 2022-2034. Grunnleggjande element i planen er berekraft, kommunen som samfunnsutviklar og senterstruktur. Før kommunestyret venteleg den 28. oktober vedtek å leggja ut planen på høyring i seks veker, skal saka til behandling i råd for personar med funksjonsnedsetjing, ungdommens kommunestyre, eldrerådet og utval for samfunnsutvikling (US). 
Les meir.

Opna Pop up-lokale i regi av Kreftforeningen

På tysdag denne veka var det offisiell opning av lokala til Kreftforeningen sentralt på Sartor Storsenter. 
- Vi ønskjer at foreininga skal koma inn på vår flate, seier marknadssjef Hans Jarle Einarsen.
Kreftforeningen har gratis tilgang til desse lokala fram til jul i første omgang. Hans Jarle Einarsen, som har opplevd kreft i nær familie, har engasjert seg for kreftsaka i mange år.
Les meir.

Aukar ramma til Sotrasambandet

I framlegg til statsbudsjettet føreslår regjeringa å auka ramma for Sotrasambandet med 3,6 milliardar kroner til 23,1 milliardar kroner. Dette inneber at prosjektet kan gjennomførast som planlagt. Anslaget for frie inntekter for Øygarden kommune er 2,3 milliardar kroner som er ein nominell verkst på 1,9 prosent frå 2021 til 2022.
Les meir.

No kan du foreslå kandidatar til ungdommens kommunestyre!

Ungdommens kommunestyre (UKS) er Øygarden kommune sitt ungdomsråd. Dei 11 medlemmane skal representere alle unge i kommunen, og møtast i formelle møte om lag annankvar månad. UKS har rett til å uttale seg i alle politiske saker som vedkjem levekåra for ungde i kommunen, og dei etablerte politikarane skal ta stilling til desse uttalane før dei gjer endeleg vedtak i sakene. Ungdomsrådet kan også ta opp saker på eige initiativ.
Les meir.

Testa ordninga med el-sykkel​​​​​

Ordføraren valde denne veka å nytta seg av tilbodet om å låna kommunal el-sykkel for å koma seg til og frå jobb.
- Det var ei god erfaring, men også ein ganske fuktig affære på heimvegen, seier Tom Georg Indrevik.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (41)

  • 11.10.: Intern møte
                Møte med CCB Energi Holdning
                Politisk arbeidsutval
  • 12.10.: Åpning  «popup», lokale knytt til kreft lokale, Sartor Senter
  •             Styremøte i Øygarden Høgre
  • 13.10.: Interne møte
                Møte med leinga i Øyvar
                Møte med Vestland fylkeskommune
  • 14.10.: Deltek på vising av Kunstneren og Tyven i regi av Blå Kors
  • 15.10:  Fri

Ordføraren neste veke (42)

  • 18.10.-19.10.: Haustkonferanse Førde,
                          KS (fellesorganisasjon for kommunane)
                          Innlegg for Bergen Rotary Klubb moglegheitene for
                          karbonfangst og lagring (tysdag kveld)
  • 20.10.: Intervju i samband med ny kommunedirektør
               Møte om røyrleidning, Energiparken
  • 21.10.: Samling II, Samfunnsdelen til kommuneplanen som styringsverktøy
               Formannskapsmøte om økonomi
  • 22.10.: Politisk seminar om Miljøløftet
  • 22.10.-24.10.: Fylkesstyret i Vestland Høgre, Førde

Varaordførar Torill Selvold Nyborg denne veka (41)

  • 11.10.: Kontordag
                Styremøte i Øygarden bustadutvikling KF
                Politisk arbeidsutval
  • 12.10:  Kontordag
               Teamsmøte om bustadstiftinga
  • 13.10.: Kontordag (kl. 09.00 - 13.00).

Varaordføraren neste veke (42)

  • 18.10.: Kalendermøte m/ordførar kl. 08.00
               Dialogmøte kl. 14.00.
               Ungdommens kommunestyre kl. 16.30
               Årsmøte, KrF kl. 19.30
  • 19.10.: Vest Næringsråd kl. 08.00
               Juriemøte kl 12.00
               Kontorarbeid kl. 13.00-15.30
  • 20.10.: Førebuing av møte kl. 09.00 -15.30
               Møte med Northern Lights på Teams kl. 16.30-17.30
  • 21.10.: Formannskapsmøte kl. 09.00
               Basargruppe Foldnes kyrkje kl. 19.00-21.30
  • 22.10.: Miljøløftet