Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 40.

Ill. - Klikk for stort bileteIll. 

Sjukeheimsbebuarar fekk oppfriskingsdose allereie tysdag

Tysdag klokka 14 gjorde regjeringa det kjent at alle over 65 år skal få tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine. Same dag fekk nærare 150 sjukeheimsbebuarar i Øygarden denne dosen.
Les meir.

Gjev tilbod om oppfriskingsdose

Regjeringa har avgjort at alle over 65 år skal få tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine. Folkehelseinstituttet har fått oppdrag om å vurdera om også helsepersonell skal få tilbod om oppfriskingsdose. Det europeiske legemiddelbyrået (EMA) har konkludert med at ein kan vurdera å gje boosterdose til personar frå 18 år når det har gått minst seks månader etter dose to.
Les meir.

Markerer verdsdagen for psykisk helse

Den 10. oktober vert Verdsdagen for psykisk helse markert for 2021. I Øygarden vert det mellom anna framsyning av dokumentarfilmen «Nattebarn». Årets kampanjetema er livet under og ein pandemi, og skal setja fokus på kor verdifulle vi er for kvarandre for førebyggja einsemd og utanforskap.
Les meir.

Treng fleire bøsseberarar

TV-aksjonen går dette året til arbeidet Plan gjer i kampen mot barneekteskap.
- Vi treng fleire bøsseberarar til aksjonssundagen den 24. oktober, seier fungerande leiar av frivilligsentralen, Julia Valeska Woehlert. Torill Selsvold Nyborg, som er tilbake som varaordførar etter opphaldet på Stortinget, er leiar av kommunekomitéen for TV-aksjonen.
Les meir.

Deler kvardagskompetanse

I dag fekk kommuneleiinga besøk frå Blå Kors som informerte om tilbodet Steg for Steg. Dette er eit overgangstilbod for menneske som er avhengige av rus og/eller har andre utfordringar. I bergensområdet er det 65 deltakarar, og ein del av desse har tilknyting til Øygarden.
Les meir.

Varsel om oppstart av detaljregulering Energiparken

Vidare planlegging av detaljregulering Naturgassparken, harmonisering av planar og oppheving av eksisterande reguleringsplan for Kollsnes næringspark. Øygarden kommune ønskjer med dette å varsle oppstart for planarbeid i Energiparken  i samsvar med krav til medverknad  i plan- og bygningslova §  12-8.
Les meir.

Invitasjon til lokalmusikarar: Vil du formidla musikk for eldre?

Vi ser etter lokalmusikarar som ønskjer å skape gode musikalske augneblink for bebuarane våre. Viser og  populærmelodiar ifrå 50-, 60-, 70- og 80-talet er særleg ettertrakta!
Les meir.

Datakurs for seniorar med ingen eller lite datakunnskap

Kurset er ment for personar med ingen eller liten datakunnskap. På kurset vil du læra og bruke nyttige digitale offentlege tenester, videomøter, samt bestille heimlevering av mat og andre varer. Kursa vert gjennomførte på dei biblioteka i kommunen.
Les meir.

Markerte avslutning for koronatiltak

Fredag vart ein spesiell dag for Sirianne Hellerud. Då vart det markert at ho i eitt og eit halvt år har leia arbeidet retta mot næringslivet som har hatt særlege utfordringar med koronaviruset.
Les meir.

Influensavaksine

Sesonginfluensavaksine vert tilrådd til personar som har auka risiko for alvorleg sjukdom og komplikasjonar ved influensasjukdom. Vaksinen er tilgjengeleg frå 19. oktober. 
Les meir.

Ordførarar Tom Georg Indrevik denne veka (40)

  • 04.10.: Internt møte om trafikksituasjonen
               Møte med Steg for Steg – Blå Kors
               Medlemsmøte Øygarden Høgre
  • 05.10.: Status og gjennomgang av framdrift for plansaker
               Møte med Askøy kommune om miljøløftet og innfartsparkering
  • 06.10.: Eigarmøte Bergen Havn
               Styremøte i MOT
               Møte med Rikard Ledang, Vest Næringsråd
  • 07.10.: Møte med Arctic Seaweed
               Innlegg på samling for Skjergard
               Dialogmøte med leinga i BKK
  • 08.10.: Miljøløftet – styringsgruppa
               Avslutning – Vekstportalen
               Møte med ny kristen tv stasjon
  • 09.10.: Deltek på 100-årsmarkering for Bergens Unge Høyre

Ordføraren neste veke (41)

  • 11.10.: Intern møte
                Møte med CCB Energi Holdning
                Politisk arbeidsutval
  • 12.10.: Åpning  «popup», lokale knytt til kreft lokale, Sartor Senter
               Styremøte i Øygarden Høgre
  • 13.10.: Interne møte
               Møte med leinga i Øyvar
               Møte med Vestland fylkeskommune
  • 14.10.: Deltek på vising av Kunstneren og Tyven i regi av Blå Kors
  • 15.10: Fri

Varaordførar Torill Selvold Nyborg neste veke (41)

  • 11.10.: Kontordag
               Styremøte i Øygarden bustadutvikling KF
               Politisk arbeidsutval
  • 12.10: Kontordag
              Teamsmøte om bustadstiftinga
  • 13.10.: Kontordag (kl. 09.00 - 13.00).