Her er ny vekerapport - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 27.

Klikk for stort bilete 

Øygarden kommune tek gjerne imot fleire vaksinedosar

Øygarden kommune har kapasitet til å setja fleire vaksinedosar. Kommunen har basert planlegginga på informasjon frå sentrale styresmakter tidlegare i sommar og er godt førebudd på å ta imot det talet dosar kommunen fekk signal om.
Les meir.

Fleire nye smittetilfelle i Øygarden denne veka

Denne veka er det påviste fleire nye smittetilfelle av koronaviruset. Det er stadfest at flesteparten av tilfella er Delta-varianten av koronaviruset. Ordførar Tom Georg Indrevik oppmodar alle om å halda nødvendig avstand.
Les meir.

Vel tusen innbyggjarar får vaksine denne veka

Denne veka (27) vil 1 048 innbyggjarar få vaksinasjon i Sotra Arena i løpet av onsdag og torsdag. Det er gruppe åtte (55-64 år) og gruppe ni (45-54 år) som har får vaksine denne veka.
Les meir på Facebook.

Trond Heggestad vert assisterande kommunalsjef

Trond Heggestad er tilsett som assisterande kommunalsjef i Oppvekst.
Han tek over etter Anna Nesje Nes som sluttar i stillinga. Trond Heggestad startar i stillinga som assisterande kommunalsjef 16. august og skal ha kontor på Skjenet.
Les meir.

Utlysing: midlar til kunstprosjekt

Prosjektet Nye Perler i Nordsjøløypa har midlar til kunstprosjekt langs nokre turløyper i Øygarden. Kunstnarar blir med dette inviterte til å søkja støtte/delfinansiering til installasjonar som tåler å stå ute.
Les meir.

Vi treng valmedarbeidarar til førehandsrøysteperioden

Øygarden kommune treng fleire samfunnsengasjerte personar i til å delta som valmedarbeidar i førehandsrøysteperioden for Stortings- og sametingsvalet 2021.
Les meir.

Førebur oppgradering av Bjorøytunnelen

I august startar ei omfattande oppgradering av elektro- og tryggleiksutrustinga i Bjorøytunnelen. Det skal mellom anna monterast fleire vifter, nye og betre lysarmatur og fleire naudstasjonar.
Les meir.