Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 23.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Brann blussa opp onsdag

Lyngbrannen i sist veke blussa opp torsdag denne veka, og om lag 200 personar måtte evakuerast nokre timar onsdag ettermiddag/kveld. Litt før klokka 10 vart evakueringa oppheva. Det var stasjonert mannskap frå brannvesenet og Sivilforsvaret ute i terrenget natt til torsdag.
Les meir.

Evaluerer pensjonstenestene

Formannskapet tilrår å gjennomføra ei evaluering av pensjonstenestene for Øygarden kommune. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.  I tilrådinga heiter det at arbeidstakarorganisasjonane skal involverast i evalueringa og at kommunestyret skal ta stilling til om ein skal ut på nytt anbod etter at evalueringsrapport ligg føre.
Les meir.

Tilrår plan for framtidig omsorgstilbod

Utval for tenester og levekår tilrår at kommunestyret sluttar seg til tilrådingane frå eit arbeidsutval som har utarbeidd ein gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester i Øygarden. Utvalet sluttar seg til gjennomføringsplan med tiltak og økonomiske konsekvensar slik det går fram av rapporten. Dei økonomiske konsekvensane i gjennomføringsplanen skal ein koma tilbake til i samband med årleg budsjettbehandling.
Les meir.

Tilrår handlingsprogram for Miljøløftet

Utval for samfunnsutvikling tilrår å godkjenna handlingsprogram 2022-2025 slik det ligg føre. Tilrådingane vart gjort mot to røyster (Folkeaksjonen Nei til meir bompengar og Frp). Som ein del av byvekstavtalen er Øygarden kommune tilgodesett med årleg 41,9 millionar kroner i gjennomsnitt i ein 10-årsperiode.
Les meir. 

Skule- og barnehageavslutningar for barn og ungdom

Helse Norge har lagt ut informasjon om smittevernråd om skule- og barnehageavslutningar. Desse arrangementa pleier tradisjonelt å vera ei familietilstelling. Avslutningar for barnehageavdelingar eller skuleklassar vert rekna normalt som ein privat samankomst der ein kan vera 20 personar inne og 30 personar ute.
Les meir.

Elevane fekk snakka om korona med to statsrådar

Hjelteryggen skule fekk i dag eit spennande besøk. Både kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn møtte femte årstrinn og fekk snakka om erfaringane om koronaviruset, berekraft, skulekvardagen og miljø. Før samtalen med femte årstrinn var det samling på skuleplassen der statsrådane med følge fekk oppleva korleis elevane «leikar» med koronaviruset.
Les meir.

Legg ut plan for Skogsleitet og Ebbesvika-Straume til ettersyn

Utval for plan vedtok i dag å leggja detaljreguleringsplan for Skogsleitet, Skoge, ut til offentleg ettersyn. Formålet med planen er å leggja til rette for totalt 450 bustader med vegar, gangvegar, parkering, friområde, uteopphaldsareal og leikeareal. Bustadene kan byggjast både som blokker, fleirmannsbustader, kjedehus eller som private eller offentlege omsorgsbustader.
Les meir.

27 saker i kommunestyret 17. juni

Det er eit langt sakskart på det siste kommunestyremøtet i Øygarden før ferien. 27 saker skal behandlast på møtet som vert halde i Hjeltefjorden Arena.
Les meir.

13 millionar til næringslivet

Denne veka har 99 verksemder i Øygarden fått utbetalt til saman 13 millionar kroner i ekstraordinær støtte. Øygarden næringsutvikling KF har på vegner av kommunen har fått oppdraget med å fordela midlane til verksemder som særleg er hardt ramma av lokale og nasjonale smitteventiltak.
Les meir.

Legg om trafikken på Straume frå måndag

Måndag 14. juni vert trafikken på Straume lagt om. Arefjordvegen vert stengd mellom Grønamyrsvegen og Storskaret og mellom Grønamyrsvegen og Lonavegen. Omkøyring vert skilta.
Les meir.​​​​​​​

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (23)

  • 07.06.: Budsjettkonferanse med formannskapet
                Avslutning formannskapet
  • 08.06.: Anna arbeid
  • 09.06.: Valstyre
                Formannskapsmøte
  • 10.-11.06.: Anna arbeid