Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 22.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Storbrann i Øygarden

Fleire hundre personar vart evakuerte som følgje av ein stor lyngbrann som oppstod i Fjæreide-området i 12-tida torsdag. Eitt hus vart totalskadd. Øygarden kommune sette krisestab, og sytte mellom anna for at dei evakuerte som ønskte det, fekk kost og losji på Fjell-ly på Møvika. Skulane og barnehagane i området hadde vanleg opningstid på fredag. Fredag ettermiddag vart evakueringa oppheva og folk kunne reisa heim til bustadene sine.
Les meir.

Statsministeren besøkte branntomta

Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Monica Mæland møtte i dag mannskap som hadde delteke i hjelpearbeidet under store brannen på Sotra torsdag og fredag.
Les meir her.

Vil utarbeida plan for innhaldet i skulen

Kommunestyret vedtok på måndag med 37 røyster at det vert utarbeidd ein plan for innhaldet i det framtidige skulen i Øygarden for dei neste 30 åra. Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå utval for tenester og levekår. Det vart også godkjent prosess og fullmakt for rekruttering av ny kommunedirektør.
Les meir.

Tek i bruk topp moderne barnehage

Måndag 7. juni kan styrar Evelyn Spilde ønskja 76 barn velkomen til topp moderne lokale i nye Spildepollen kystbarnehage. Barnehagen på fem avdelingar, med ein kapasitet på 90 barn, ligg like ved Spildepollen skule og representerer det siste tilskotet i det som kan kallast eit nyetablert oppvekstsenter i området.
Les meir.

Delte ut 61 tusen kroner i tilskot til ungdomstiltak

Ungdommens kommunestyre (UKS) vedtok på møtet måndag å løyva 61 tusen kroner til fem tiltak retta mot ungdom. UKS har totalt 127 tusen kroner som kan delast ut til aktivitetar som er retta mot ungdom i Øygarden , med spesiell prioritering av aktivitetar som vert drivne av ungdomane sjølve. Det låg føre seks søknader til behandling i  UKS.
Les meir.

God kvalitet på badevatnet

Helseverneininga i Bergen kommune har gjennomført prøvetaking i åtte badevatn og i eí vik i sjø i Øygarden kommune denne våren. Åtte av badeplassane får status som godt eigna badevatn. Prøvetakingane av dei ni badeplassane vart gjennomførte i perioden 19. april til 18. mai 2021.
Les meir.

Tre utvalsmøte og strategisamling i neste veke

Det handlar mellom anna om framtidig omsorgstilbod, tilsynsavtalar for hallar og reguleringsplanar når tre utval skal ha møte i veka som kjem. Formannskapet har strategisamling måndag 7. mai og ordinært møte 9.mai.
​​​​​​​Les meir.

Ønskjer du varm mat på døra?

Øygarden kommune kartlegg om eldre heimebuande ønskjer å få levert varm mat heim og om dei ønskjer å delta i felles middagssamling.
- Ei undersøking kan gje oss svar på kor stort behovet er, seier Berit Anita Knudtsen Larsen i eldrerådet.
​​​​​​​Les meir.

Bli med på Sommarles 2021!

Frå 1. juni kan du melda deg på Sommarles, og bli med på den kulaste lesekampanjen denne sommaren. Mange har nok vore med på Sommarles før, og veit korleis det går føre seg, men for andre er det kanskje første gongen?
​​​​​​​Les meir.

Datakurs for seniorar med ingen eller lite datakunnskap

Kurset er ment for personar med ingen eller liten datakunnskap. På kurset vil du læra og bruke nyttige digitale offentlege tenester, videomøter, samt bestille heimlevering av mat og andre varer. Kursa går føre seg i tida 26. august til 24. november.
​​​​​​​Les meir.​​​​​​​

​​​​​​​Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (22)

  • 31.05.: Interne møte
                PAU
  • 01.06.: Arbeidsverksta og kommunestyre Hjeltefjorden Arena
                Møte i arbeidsgjevarutvalet
  • 02.06.: Møte om Algrøy Glamping
                GCE Medlemsmøte – digitalt
                Oppstartsmøte vedr Vest Norsk Brusselkontor
                Møte bed BOB om leie til å eie
                Opptak video ryddeaksjon
  • 03.06.: Møte kontrollutvalet
                Møte i Nabokontaktgruppa Equinor
  • 04.06.: Møte Vestland Høgre
                Møte Bergensalliansen
                Besøk statsråd Dag Inge Ulstein
  • 04.06.-06.06.: Kandidatsamling Vestland Høgre
  • 05.06.: Strandryddeaksjon Glesnes

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (22)

  • 31.05.: Kalendermøte
                Fellesmøte med utbyggjarar i Straume området
                Møte i politisk arbeidsutval
               Ungdommens kommunestyre
  • 01.06.: Arbeidsverkstad og kommunestyremøte Hjeltefjorden Aena
  • 02.06.-04.06.: Anna arbeid

Varaordførararen neste veke (23)

  • 07.06.: Budsjettkonferanse med formannskapet

                Administrasjonsutval
                Avslutning formannskapet

 

  • 08.06.: Anna arbeid
  • 09.06.: Valstyre
                Formannskapsmøte
  • 10.-11.06.: Anna arbeid