Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 21.

 

La ned grunnstein for karbonfangstbygg

På onsdag denne veka la statsminister Erna Solberg ned grunnsteinen for administrasjonsbygget til Northern Lights i Energiparken.
- Dette kostar, men det kostar oss meir om vi ikkje får til klimautsleppa, sa statsministeren før ho støypte fast grunnsteinen.
Les meir.

Tjuvstarta nedlegginga av grunnsteinen

Det var fest på Blomvåg skule og Tjeldstø skule på tysdag. Dagen før grunnsteinen skal leggjast ned for administrasjonsbygget til Northern Lights i Energiparken, var det duka for markering på dei to naboskulane til mottaksanlegget for karbonfangst. Som avslutning på markeringa spanderte Northern Lights hot dog, brus og is på elevane.
Les meir.

Klar for å ta leiaroppgåva

Onsdag 19. mai fekk Rune Landro spørsmålet om han ville ta på seg stillinga som konstituert kommunedirektør.
- Spørsmålet kom heilt uventa, men eg svarte ja der og då, seier Landro som dagen etter vart konstituert i stillinga. Kommunestyret konstituerte Rune Landro i stillinga torsdag 20. mai etter at Rune Lid fråtredde som kommunedirektør same dag.
Les meir. 

Arbeidsverkstad og kommunestyremøte

Tysdag 1. juni skal kommunestyret behandla dei sakene som var utsette på kommunestyremøtet den 20. mai. Dagen startar med arbeidsverkstad klokka 09.00 med samfunnsdelen til kommuneplanen som tema. Også råd for menneske med funksjonsnedsetjing, eldrerådet og ungdommens kommunestyre deltek på arbeidsverkstaden.
Les meir. 

Streik blant kommunalt tilsette

Meklinga mellom Unio og KS førte ikkje fram. Dermed er 7 390 lærarar og helsearbeidarar i streik. Førebels er det ikkje varsla at tilsette i Øygarden kommune vert tekne ut i streik, men dette kan endra seg på kort varsel.
Les meir. 

Bjørn Erik Kristiansen er konstituert som kommunalsjef for Kultur og samfunn

Konstituert kommunedirektør Rune Landro har i dag konstituert Bjørn Erik Kristiansen som kommunalsjef for kultur og samfunn. Rune Landro opplyser at Kristiansen etter planen skal fungera i denne stillinga til det er tilsett ny kommunedirektør. Den nye kommunedirektøren skal så få lysa ut og tilsetja på fast basis ny kommunalsjef for Kultur og samfunn.
Les meir.

Dataopplæring for seniorar: grunnkurs

Kurset er meint for personar med ingen eller liten datakunnskap. På kurset vil du læra og bruke nyttige digitale offentlege tenester, videomøter, samt bestille heimlevering av mat og andre varer.  Kursa vert gjennomført på dei tre bibiloteka i kommunen frå slutten av august til november/desember.
Les meir.

Innspel frå elevar ved barne- og ungdomsskulane

I arbeidet med samfunnsdelen har vi eit særleg ansvar for å sikra at barn og unge vert høyrt. Alle barne- og ungdomsskular i Øygarden har difor hatt høve til å laga ein kort film der dei får seia si meining om korleis kommunen bør utvikla seg framover, og kva vi bør vektlegga. Totalt 12 skular har sendt inn filmar til kommunen, og under kan de sjå og høyra kva barn og unge ved dei ulike skulane er opptekne av.
Les meir.

Gult tiltaksnivå i skule og barnehage

Frå og med 27. mai kan kommunane sjølv avgjera kva tiltaksnivå som skal gjelda i barnehagar og skular. Den kommunale kriseleiinga (KKL) i Øygarden har avgjort at barnehagar og skular skal ha gult tiltaksnivå fram til 1. august.
Les meir.

Sertifisering av Øygardskjennarar (guidekurs)

På torsdag vart guidekurset for Øygardskjennar avslutta med ein praktisk guidetest. Det var ein interessant og spanande ettermiddag med mange gode historier i solskinnet. Guidekursa er eit samarbeid mellom museum vest og Øygarden kommune. Kursleiar Sahra Torsvik frå museum vest såg seg svært nøgd med gjennomføringa.
Les meir.​​​​​​​

KICK OFF strandrydding i Øygarden

Kvalen som døydde på Vindenes i 2017 med 40 plastposar i magen døydde ikkje forgjeves. Det globale, nasjonale og lokale engasjementet er sterkare enn før. Vi ryddar i lag, og denne gangen styrkt med laget frå Rydd Norge Vestland. Møt opp på Glesvær laurdag 5. juni klokka 09.30.
Les meir.

Introduksjonskurs for nye frivillige

Syns du dagane blir lange og er du utålmodig etter å koma i gang igjen? Kom og bli med på introduksjonskurs for nye frivillige! På introduksjonskurs får du ei innføring i korleis det er å vera frivillig og kva du kan delta på. Kurset er for alle og det er gratis.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (21)
 

            •  24.05.: Fri

            •  25.05.: Interne møte
                           Besøk på Blomvåg skule og Tjeldstø skule
                           Møte med Øygarden næringsutvikling KF
                           Møte knytt til førespurnad om kultur og omsorg i Forlandsvågen
                           Årsmøte i fiskarlaget

            •  26.05.: Besøk av statsminister Erna Solberg og konsernleiing Equinor og              
                           grunnsteinnedlegging Energiparken
                           Generalforsamling Bergen Havn
                           Møte om 22. juli

            •  27.05.: Møte knytt til ryddearrangement 5. juni
                           Overrekking av Miljøfyrtårn
                           Møte om reiselivssatsing
                           Overrekking av diplomar guide-kurs

            •  28.05.: Møte i styringsgruppa for Miljøløftet
                           Politirådet

            •  29.05.-30.05.: Mogleg deltaking på Laksens dag 50 år med oppdrett på Hitra


Ordføraren neste veke (22)

  • 31.05.: Interne møte
                 Politisk arbeidsutval
     
  • 01.06.: Arbeidsverksta og kommunestyre Hjeltefjorden Arena
                Møte i arbeidsgjevarutvalet
     
  • 02.06.: Møte om Algrøy Glamping
                GCE Medlemsmøte – digitalt
                Oppstarts møte vedr Vest Norsk Brusselkontor
                Møte bed BOB om leie til å eie
                Opptak video ryddeaksjon
     
  • 03.06.: Møte kontrollutvalet
                Møte i Nabokontaktgruppa Equinor
     
  • 04.06.: Møte Vestland Høgre
                Møte Bergensalliansen
     
  • 04.06.-06.06.: Kandidatsamling Vestland Høgre
     
  • 05.06.: Strandryddeaksjon Glesnes


Varaordførar Atle Dåvøy veke (21)

  • 25.05.-27.05.: Anna arbeid
     
  • 28.05.:  Kontordag
                 Møte i gruppe for områdemodell\
                 Politiråd


Varaordføraren neste veke (22)

  • 31.05.: Kalendermøte
                Fellesmøte med utbyggjarar i Straumeområdet
                Møte i politisk arbeidsutval
                Ungdommens kommunestyre
     
  • 01.06.: Arbeidsverkstad og kommunestyremøte Hjeltefjorden Aena
     
  • 02.06.-04.06.: Anna arbeid