Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 17.

Klikk for stort bilete 

Markerte helikopterulukka

I dag er det fem år sidan den tragiske helikopterulukka ved Turøyna. Pårørande, representantar frå Equinor og ordførar i Øygarden markerte dette med å leggja ned kransar og blomar ved minnesteinen som er plassert i nærleiken av ulukkesstaden.
Les meir.

Utsette sak om skulenedlegging til juni

Utval for tenester og levekår vedtok i dag (29. april) å utsetja saka som omhandlar nedlegging av Blomvåg skule og påfølgjande justering av skulekrinsgrensene. I vedtaket er det lista opp ei rekkje forhold som skal omtalast i høyringsframlegget som vert presentert i junimøtet. Det vart også vedteke å gå vidare med ombygging av fløy på Tednebakkane omsorgssenter.
Les meir.

- Dette fungerte heilt topp!

Johnny «Stril» Skålevik smilte breitt då han etter 20 minutt i observasjonshallen kunne vandra til utgangen etter å ha teke den første vaksinedosen med Pfizer-vaksine i Sotra Arena i dag.690 personar får første dose Pfizer-vaksine denne dagen. 
Les meir.

Delte ut berekraftsballar til skulane

I løpet av ei god vekes tid leverte ordførar Tom Georg Indrevik ut berekraftsball til alle skulane i kommunen.  På berekraftsballen er dei 17 berekraftsmåla til FN teikna inn. På eit Teams-møte med elevråda i mars der samfunnsdelen til kommuneplanen var tema, viste ordføraren fram ein slik ball. Han fekk eit litt overraskande spørsmål frå ein av skulane. Kan vi få ein slik ball på skulen vår? Konsekvensen vart at ordføraren delte ut ein slik ball til alle skulane.
Les meir.

Eigne bosspann for munnbind

Denne veka vart det plassert ut eigne bosspann for brukte munnbind på senterområda på Straume, Rong og Skogsskiftet.
- Vi har observert at mange munnbind vert slengt rundt omkring, seier butikksjef på Spar Rong, Vibeke Torsvik, og helsar tiltaket velkomen.
Les meir. 

Signerte avtale om hydrogenanlegg i Energiparken

H2 Productions har signert en kontrakt med ZEG Power om kjøp av hydrogenanlegg. Anlegget vert no sett i bestilling med forventa produksjonsstart i løpet av første kvartal 2023 skriv H2 Productions AS og CCB Energy Holding AS i ei pressemelding. - Vi er svært glade for å ha landa denne strategisk viktige avtalen, seier administrerande direktør for H2 Productions, Ronny Haufe.
Les meir.

Ny samtalegruppe for ungdom med demens i familien

Samtalegruppe for ungdom mellom 15 og 30 år vert arrangert i regi av Kompetansesenter for demens. Det er fortløpande påmelding og oppstart når det er nok påmelde.
Les meir.

Utvidar opningstida på Straume terapibasseng

Måndag, tysdag, torsdag og fredag er terapibassenget ope mellom klokka 15.00 og 16.00. Tilbodet er for dei som har dokumentert frå lege eller annan behandlar som stadfestar at dei har helsegevinst av å nytta bassenget.
Les meir.

Oppgradering av lokale til kulturskulen

På Liljevatnet, der kulturskulen held til, skal det byggast ein ny barnehageavdeling, og samstundes skal lokala til kulturskulen oppgraderast. Dette arbeidet vart sett i gong i april og held fram til slutten av oktober. I denne perioden har nesten all undervisning som var på Liljevatnet flytta ut. Her finn du oversikt over midlertidige lokale:
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (17)

  • 26.04.: Internt møte
                Formøte om kystsoneplanen
                Innlegg for Senior Høgre
     
  • 27.04.: Walk & Talk, Jan Erik Skjerpesett
                Synfaring Spildepollen
                Årsmøte i IUA (Interkommunalt utval for akutt beredskap)
               Dialogmøte med leiinga i ungdommens kommunestyre
     
  • 28.04.: Lunsjmøte med Trude Drevland
     
  • 29.04.: Markering av Turøyulykka
                Møte i GCE Topleiar-forum
     
  • 30.04.: Synfaring på Bjorøyna/Tyssøyna
                 Møte vedr Krossfjorden – miljødir.

Ordføraren neste veke (18)

  • 03.05.: Interne møte
                Møte med Øygarden næringsutvikling
                Møte i administrasjonsutvalet
                Møte i politisk arbeidsutval
     
  • 04.-05.05.: Fri
                Onsdag kveld; delegasjonsmøte landsmøte Høgre, digitalt
     
  • 06.05.: Frukostmøte, arbeidet i ungdommens distriktspanel, 10 råd til regjeringa
                Møte knytt til energisituasjonen
     
  • 07.05.: Møte i Bergensalliansen
     
  • 08.05.: Kransenedlegging 8. mai     

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (17)

  • 26.04.-28.04.: Anna arbeid
     
  • 29.04.-02.05.: Landsmøte KrF
                           Møte med konserndirektør i Equinor via NFP (fredag)