Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Her er ny vekerapport.

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 15.

Klikk for stort bilete 

Startar gjenopninga, nasjonale smitteverntiltak frå 16. april

Frå fredag 16. april art det innført lette i dei i nasjonale smitteverntiltaka. Tiltaka vil i stor grad samsvara med trinn 1 i nedtrappinga av dei nasjonale tiltaka. Første trinn går ut på å reversera dei nasjonale tiltaka som vart innførte før påske. Det er også lempa på nokre smitteverntiltak knytt til arrangement for barn og unge under 20 år og innan toppidretten.
Les meir her.

Stengjer kryss i Straume sentrum

Fredag 16. april stengjer Arefjordvegen i krysset inn mot Lonavegen. Omkøyring til Lonavegen og Søre Straume vert via vegen mellom rundkøyringa ved Kystbygarasjen og Storskaret, og vidare inn Idrettsvegen mot Søre Straume. Omkøyring vert skilta. Det nye køyremønsteret varer i tre veker.
Les meir her.

Gjev dispensasjon til turveg

Utval for plan gav på møtet torsdag denne veka dispensasjon for etablering av turveg på Liaskjeret. Turvegen er søkt etablert på areal som ligg som LNF-formål i arealdelen til kommuneplanen. Utvalet gav også tiltakshavar løyve til å setja i gang omregulering og detaljregulering av eit område i Kåravika.
Les meir her.

Meiningsfull kvardag

I lokala til Straume arbeids- og aktivitetssenter er det god aktivitet sjølv om koronaviruset får enkelte konsekvensar for drifta. I Øygarden er det tre slike senter; Straume, Skogsvåg og Rong. Aktiviteten vil gradvis auka mot normalt nivå etter kvart som smittesituasjonen gjer det mogleg.
Les meir her.

- Sats på fyrtårnprosjekt!

Dagleg leiar i Initiativ Vest og initiativtakar til Periferifestivalen på Glesvær, Ole Rasmus Øvretveit, hadde mykje på hjarta då han innleia digital samfunnsverkstad onsdag kveld. Øvretveit er også kjend som arrangørsjef for Periferifestivalen på Glesvær. Møtet var eitt av fleire medverknadsmøte knytt til arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen.
Les meir her.

- Vi er like forskjellige når vi vert eldre

Tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland, la ingenting imellom då ho innleia på innspelsmøtet i regi av eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetjing på laurdag.
- Hugs at vil skal leva ein tredel av livet vår etter at vi er 65 år, sa Drevland. På fredag var det innspelsmøte i regi av ungdommens kommunestyre, og på laurdag var det nytt møte knytt til samfunnsdelen til kommuneplanen.
Les meir her.

Tilrår å byggja ut Liljevatnet, fase to

Kommunedirektøren går inn for at Liljevatnet vert bygd ut med to nye barnehageavdelingar og tilpassa lokale for kulturskulen. Han tilrår at finansieringsramma vert auka med 1,2 millionar kroner som dermed vil totalt utgjera 14,1 millionar kroner. Det gjer det mogleg å gjennomføra fasebehandling og mindre utvendige reparasjonar.
Andre saker: Økonomisk status pr. februar, tiltakspakke lokalt næringslvi og samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet.
Les meir her.

Opphevar lokal forskrift

Den kommunale kriseleiinga (KKL) har vedteke å oppheva ei lokal smittevernforskrift for Øygarden med verknad frå og med 16. april. I Øygarden vart det frå fredag dermed berre dei nasjonale smitteverntiltaka som gjeld.
Les meir her.

17. mai-feiring i skuletida og bilkortesje på nasjonaldagen

Kommuneleiinga hadde møte med representantar for 17. mai-komitéane torsdag kveld. Det er semje om at det ikkje vert markering på skulane og skuleplassane på sjølve nasjonaldagen. Men storstilt feiring skal det likevel bli.
Les meir her.

Breibandsutbygging, kartlegging 2021

Vestland fylkeskommune lyser ut nye midlar til breibandsutbygging. Øygarden kommune vurdere å søkja om tilskot til breibandsutbygging: Vi ber derfor om tilbakemeldingar på om det er område i kommunen der du som innbyggjar eller verksemd opplever å ikkje ha breiband, eller at tilbodet ikkje er godt nok.
Les meir her.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (15)

  • 12.04.: Møte i den kommunale kriseleiinga (KKL)
                Interne møte
  • 13.04.: Styremøte i Ågotnes Næringspark
                Generalforsamling i Sambygg
                Møte , GCE Ocean Tech
  • 14.04.: Innlegg på konferanse i regi av Bufdir vedr Tryggest-prosjektet
                Uformelt besøk i heimetenesta sone sør
  • 15.04.: Prosjekt møte om V rydder øygarden
                Møte i utval for plan
  • 16.04.: Møte om barnevernsreforma
                Møte om Nordhordaland Biosfæreområde
                Møte i arbeidsgruppe om kraftsituasjonen i bergensregionen
  • 17.04.: Delta på krafttak mot kreft – Liatårnet
                Fylkesstyremøte i Vestland Høgre

Ordføraren neste veke (16)
 

  • 19.04.: Interne møte
                Deltek på digital valgkampkafé
                Møte med Øygarden næringsutvikling
                Møte med ordførarane i frontkommunane
                Gruppemøte
  • 20.04.: Besøk på skular for distribusjon av berekraftsball
                Besøk på Algrøyna om reiselivsprosjekt
                Valstyret
                Formannskapet
  • 21.04.: Interne møter
                Innlegg for Trigger
                Utdeling av berekraftstballar
                Befaring på Søre Straume
  • 22.04:  Møte med leinga Visit Bergen
                Opptak Podkast Equinor
  • 23.04.: Møte i Miljøløftet
                Møte om elektrifiseringen av NOA og Krafla
  • 24.04.: Krafttak mot kreft, Strilawalk
                Tre vigslar

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (15)

  • 12.04.: Kontordag
                Interne møte
  • 13.04.: Kontordag
                Møte i grunna for områdemodell
  • 15.04.-16.04.: Anna arbeid
  • 16.04. Kontordag