Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 11.

Klikk for stort bilete 

Skal utgreia felles barnevernsvakt med Askøy

Kommunestyret vedtok torsdag samrøystes at Øygarden kommune skal inngå eit kommunesamarbeid med Askøy kommune for å utgreia moglegheitene for å opprette ei aktiv barnevernsvakt i 2022. Andre saker i kommunestyret var mellom anna start av anleggsprosjekt ved Arseta og Blomvåg vest.
Lers meir.

Øygarden har mange fortrinn

Det var stor engasjement blant deltakarane på innspelsmøtet for næringsutvikling i Øygarden på torsdag denne veka. 80 deltakarar var med på videomøtet, og 10 arbeidsgrupper drøfta aktuelle deltema bransjevis. Dersom ein skal prøva seg med ei kort oppsummering, må det vera at Øygarden har mange fortrinn og stort vekstpotensiale. Samlinga var eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Øygarden næringsutvikling og Vest Næringsråd.
Les meir.

Øygarden er eit demensvennleg samfunn

Tysdag denne veka underteikna Øygarden kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen under ein samarbeidsavtale som slår fast at Øygarden er eit demensvennleg samfunn. Det var generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Mina Gerhardsen, og ordførar Tom Georg Indrevik som underteikna avtalen. 
Les meir. 

- No kan du bidra i utforminga av framtida

Arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen går inn i ein ny fase. Planprogrammet er vedteke av kommunestyret. I vår handlar det om korleis vi kan påverka innhaldet i sjølve planen som venteleg vert vedteken av kommunestyret tidleg i 2022.
- No er tida inne for både enkeltpersonar, organisasjonar og andre aktørar å påverka korleis planen skal sjå ut til slutt, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir. 

Strengare nasjonale tiltak frå 25. mars

Frå og med 25. mars ere det innført strengare nasjonale smitteverntiltak. Det vert ny vurdering av tiltaka innan 12. april.Tiltaka inneber mellom anna at eín-meteren vert no to-meteren. Dei som du til no har halde minst eín meter avstand til, må du no halda minst to meter avstand til. Grensa for gjester på besøk er no maksimalt to personar.
Les meir.

Matkulturprogram frå Øygarden

Programmet «En bit av Norge» med besøk i Øygarden vert sendt på TV 2 sundag 28. mars klokka 16.30. I den episoden tek Ida Gran-Jansen med seg sjåarane til Øygarden som i reklamen for programmet er ein ynda stad for rekreasjon, opplevingar og spennande sjømat. I programmet kan du mellom anna oppleva brødbaking på sørspissen av Sotra og besøk på eit visningssenter for moderne akvakultur.
Les meir. 

Barn og unge har tankar om framtida i kommunen

På tysdag var skulane i Øygarden inviterte til videomøte med ordførar Tom Georg Indrevik og samfunnsplanleggjarar for å snakka om framtida i kommunen. Ordførar Tom Georg Indrevik utfordra elevane og skulane til å koma med spørsmål og synspunkt.
- Vi opplever at det er mykje plast i havet og strendene, Korleis kan vi få bukt med dette, ville elevane frå Knappskog gjerne ha svar på.
Les meir.

Held stengt onsdagar

Bibliotek og Innbyggjartorg held stengt onsdagar i tida framover frå og med onsdag 7. april 2021. Øygarden kommune er inne i eit omfattande arbeid med vurdering og reorganisering av tenestene for å oppnå best mogleg tilbod til innbyggjarane. For å kunne gjennomføre dette arbeidet, held tenestene Bibliotek og Innbyggjartorg førebels stengt kvar onsdag.
Les meir.

No kan du bruka dagsturhytta i Foldnesmarka

Ved hjelp av boremaskin fjerna ordførar Tom Georg Indrevik treklossen som sperra døra tinn til dagsturhytta Larslibua i Foldnesmarka.
- Dette er ei kjempeflott hytte. Her skal eg ha møte minst ein gong i månaden, lova ordføraren.
Les meir.

Vaksinasjon dei neste to vekene

I veke 13 (påskeveka) får Øygarden kommune 83 hetteglas Pfizer-vaksine. Dette tilsvarar om lag 500 dosar. I veke 14 (første veka etter påske) får Øygarden 171 hetteglas med Pfizer-vaksine. Dette tilsvarar om lag 1 030 dosar.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veke (12)

  • 22.03.: Interne møte
                 Møte med Øygarden næringsutvikling
                 Møte med ordførar i Askøy og Vest Næringsråd om næringsutvikling
                 Gruppemøte
     
  • 23.03.: Prosjekt møte om ryddearrangement i juni
                Møte om Bergen Havn
                Teamsmøte med skulane om samfunnsplanen
                Signering av avtale Demensvennleg samfunn
                Møte med Spaces
     
  • 24.03.: Internt møte om samfunnsplanen
                Møte i arbeidsgruppa om kraftforsyninga
                Seminar Ernst & Yong
                Møte med Universitetet i Bergen
     
  • 25.03.: Fagdag om samfunnsplanen
                Styremøte i MOT
                Kommunestyremøte
                Styremøte i GCE Ocean Tech
     
  • 26.03.: Oppdatering vedr Energi Parken
                Regionalt dialogmøte NAV
                Møte om Bølgekraftverket
    ​​​​​​​
  • 27.03.: Opning dagsturhytte Foldnesmarka