Følgjer nasjonale smitteverntiltak frå 22. februar
Regjeringa avgjort at kommunane i Vestland, som har hatt forsterka smitteverntiltak sidan 7. februar, ikkje lenger skal ha dette. Frå og med måndag 22. februar er det nasjonale smitteverntiltak som gjeld i Øygarden.
Les meir.
Tek imot 28 flyktningar
Etter ein lengre debatt vedtok kommunestyret på torsdag samrøystes at kommunen skal busetja 28 flyktningar i 2021, der to av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige som kjem til landet utan foreldre. Kommunestyret vedtok også å gjennomføra utbyggingar på Rong (Arseta) og Blomvåg vest.
Les meir.
Registrer deg for vaksine
Her finn du informasjon om koronavaksineringa i Øygarden. Alle over 18 år som ønskjer koronavaksine, må registrera seg i vaksinasjonskø. For å få registrera seg i vaksinasjonskø for koronavaksine i Øygarden, er det oppretta eit digitalt registreringssystem. Registreringa inneber å melda si interesse for vaksine. Øygarden kommune vil gje melding på SMS om kva tid det er klart for vaksinering og du kan bestilla time.
Les meir.
Tilrår å godkjenna planprogram
Utval for samfunnsutvikling (US) hadde møte på tysdag og tilrådde kommunestyret å godkjenna planprogrammet for samfunnsdelen til kommuneplanen (2022-2034) med dei endringane som kjem fram i saka. Utvalet behandla framlegget til planprogram i dag og gav innstilling til endeleg behandling i kommunestyret på torsdag denne veka.
Les meir.
Leirstaden barnehage og Skålevik skule har fått vatnet tilbake
80 barn på Leirstaden barnehage måtte sendast heim i dag etter at det viste seg ikkje å vera vatn i barnehagen. No er vatnet tilbake. Også delar av Skålevik skule var utan vatn i dag. Dette er også no retta opp med provisorisk løysing.
Les meir.
Informasjon om koronaviruset
På heimesida til Øygarden kommune finn du informasjon om smittetal knytt til koronaviruset, vaksinasjon mot koronaviruset og anna informasjon om pandemien.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (07)
- 15.02.: Interne møte
Møte om samfunnsdelen til kommuneplanen
Gjennomgang med dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF
- 16.02.: Møte med Statsforvaltaren i Vestland
Føredrag for Ulstein kommune
- 17.02.: Møte med Skogsskiftet, Vidar Klepsvik
Møte med Telle Gruppen
- 18.02.: Møte om Shetland Race
- 19.02.: Styringsgruppemøte Miljøløftet
- 20.02.: Vigsel
Ordføraren neste veke (08)
- 22.02.: Interne møte
- 23.02.: Styremøte Ågotnes Næringspark
Synfaring på Veten om dagsturhytte
- 24.02.: Eigarmøte BKK
Møte knytt til ny næringsaktør, saman med Øygarden næringsutvikling KF
Møte i kontrollutvalet
- 25.02.: Markera start på ny vaskeriavtale med Trigger
Kikk off Vestland Høgre
- 26.02.: Møte om Svanevågen
Politisk arbeidsutval
Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (07)
- 15.02.. Kontordag
Statusmøte med dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF
Interne møte
- 16.02.-17.02.: Anna arbeid
- 18.02.: Kommunestyremøte
- 19.02.: Anna arbeid