Her får Brita den første vaksinen i Øygarden
97 år gamle Brita Nesse var den første innbyggjaren i Øygarden som fekk vaksine mot koronaviruset. - Dette var jo ingenting. Heldigvis er det gjort. Eg håpar alle vil ta vaksinen, sa Brita etter at sjukepleiar Gintare Doleizeryte hadde sett vaksinen i armen på den spreke kvinna på Sundheimen i Skogsskiftet litt før klokka 10 på onsdag denne veka.
Les meir.
Fleire orienteringssaker i formannskapet neste veke
Det er kalla inn til møte i formannskapet måndag 11. januar. Møtet har fleire orienteringar. Det vert gjeve orientering om vaksinasjonen mot koronaviruset. Vaksinasjonen starta opp den 6. januar. Det er også orientering om innkjøp/anbod i gamle Øygarden kommune, avgjerd i lagmannsretten (Knappen Sjø) og status om erstatningssak barnevern.
Les meir.
Innfører fleire nasjonale smitteverntiltak
Regjeringa innfører forsterka nasjonale smitteverntiltak i førebels to veker frå og med 4. januar. Dette får konsekvensar for sosial kontakt, reiser, skule og utdanning, arbeidsplassar, butikkar, idrett og kultur. Skulane og dei andre einingane innan Oppvekst vil gje fortløpande informasjon slik det er gjort tidlegare når det gjeld koronaviruset.
Les meir.
Kva skjedde i Øygarden i 2020?
Det kan trygt seiast at 2020 vart eit spesielt år. Dette gjaldt også for Øygarden. Det starta med storstilt opning av den nye kommunen ved nyttårsskiftet. Frå mars har koronaviruset prega kvardagen vår.
Les meir.
Framleis mogleg å senda inn forslag til heidersprisar
Øygarden kommune skal dela ut fleire heidersprisar på kultur og idrettsgallaen den 20. februar. Det er fire prisar som skal delast ut. Det er kulturprisen, frivilligprisen, tilgjengeprisen og folkehelseprisen. Fristen for å koma med forslag er 20. januar.
Les meir.
Vi søkjer vertsfamilie
Barneverntenesta i Øygarden kommune søkjer vertsfamilie for 2 ungdommar, det vil seia at du har ein godkjend utleieeining i tilknyting til din eigen bustad i Øygarden kommune.
Les meir.
Informasjon om koronaviruset
Øygarden kommune har eigen underside som gjev deg status for koronaviruset i Øygarden kommune. Her finn du daglege oppdateringar.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (01)
- 04.01.: Møte i den kommunale kriseleiinga (KKL)
Interne møte
- 05.01.: Møte med Husbanken
- 06.01.: Første vaksinedose (bebuar på Sundheimen)
Møte med Sotra Sportsklubb om bruk av Sotra Arena
Møte med leiar og nestleiar i kontrollutvalget om konsulentbruk
- 07.01.: Møte med Anita Mannes i Øygarden næringsutvikling KF
NHO Årskonferanse
Møte om utvikling Ågotnes
- 08.01.: Møte med Trigger
Møte om pensjonskasse
Møte med Knappen Sjø
- 10.01.: Digital felleskonferanse Høgre
Sentralstyremøte Høgre
Ordførar Tom Georg Indrevik neste veke (02)
- 11.01.: Interne møte
Møte i den kommunale kriseleiinga (KL)KKL
Lansering Sprek og Blid
Formannskapsmøte
- 12.01.: Møte med Øygarden bustadutvikling KF
Møte med Vest Næringsråd
Oppstart CCS (Energiparken)
- 13.01.: Interne møte
- 14.01.: Samlontracking
- 15.01.: Styringsgruppe byvekst
Møte om Aquakultur
Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (01)
- 04.01.: Kontordag
Interne møte
- 05.01.: Fylkesordføraren sitt nyttårsmøte på Teams
Anna arbeid
- 06.01.: Anna arbeid
- 07.01.: Kontordag/Kurs i eigedomskatt
- 08.01.: Anna arbeid
Varaordføraren neste veke (02)
- 11.01.: Kontordag
Interne møte
Møte med Incendium
Formannskapsmøte
- 12.01.: Anna arbeid
- 13.01.: Styremøte Bergen Hamn
- 14.01.: Kontordag
- 15.01.: Anna arbeid
Styremøte i NPK (Nettverk for petroleumskommunar)