Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 47.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Gav kriseleiinga fullmakt til å vedta smitteverntiltak

Formannskapet gav i dag den kommunale kriseleiinga (KKL) fullmakt til å forlengja varigheita til forskrifta som formannskapet vedtok den 6. november. Noverande forskrift gjeld til og med 23. november. Det vert lagt opp til at Bergen og fleire nabokommunar så langt det let seg gjera samlar seg om smitteverntiltaka også utover 23. november.
Les meir. 

Jarle Vindenes er Årets fyrtårn

Det var ikkje fritt for at Jarle Vindenes var litt forvirra då han kom inn døra til Hengjo på Vindenes i dag. Det planlagte møtet med ein bank var omgjort til ei markering av at nettopp Jarle Vindenes i Sotra Gruppen fekk overrekt prisen Årets fyrtårn.
Les meir.​​​​​​​ 

Budsjettet vert lagt ut på høyring

Formannskapet vedtok på tysdag denne veka å leggja framlegg til driftsbudsjett og investeringsbudsjett på offentleg høyring i 14 dagar. Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB), Raudt og fleirtalspartia (Høgre, Sotralista, Frp, KrF og Venstre) fremja forslag til budsjett. Desse forslaga vart ikkje realitetsbehandla, men vert rekna som innspel til saka og følgjer saka fram til endelege behandling i kommunestyret. Elles fordelte formannskapet midlar til diverse verksemder frå eit kommunalt næringsfond.
Les meir.

No kan du lesa den nære historia til Fjell

Det var historisk på alle måtar då det tysdag kveld var bokslepp for det sjuande og siste bandet av Fjell bygdebok «Nærare byen».  Dette bandet er allmennhistoria for perioden frå 1910 fram til og med 2019.  Forfattarane Halvor Skurtveit og Gaute Losnegård gler seg over at dei kan få presentert boka i forkant av julehøgtida. Det siste bandet vil nok liggja under mange juletre i Fjell på julekvelden. Boka kan kjøpast hjå lokale bokhandlarar og på innbyggjartorga/biblioteka i Skogsskiftet, på Rong og på Straume.
Les meir.

Møte med treningssenter og serveringsbransjen

Treningssentera og serveringsbransjen er mellom dei bransjane som er hardast ramma av koronarestriksjonane. I samarbeid med Øygarden kommune inviterte Vest Næringsråd til videomøte på måndag for å drøfta utfordringane. Det vart gjennomført eitt møte med treningssentera og eitt møte med serveringsbransjen.
Les meir. 

Tilrår å godkjenna plan for Nordra Lia, Vågo

Utval for plan tilrår at detaljreguleringsplan for Nordra Lia, Vågo, vert godkjend. Utvalet var samla til møte (videomøte) på torsdag. Planområdet for Nordre Lia er på om lag 17 dekar og ligg på Anglavika. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av totalt 30 bustadeiningar i form av konsentrerte bustader med tilhøyrande infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplass.
Les meir.

Oppmodar oss til å spreia glede

Måndag 23. vert Mot til å glede-dagen markert. MOT oppmodar lokalsamfunnet og den enkelte til å spreia ekstra glede denne dagen. Mot til å glede dagen handlar om å ha MOT til å leva og MOT til å bry seg. Organisasjonen oppmodar ungdom og vaksne over heile landet til å bidra til at dagen vert hugsa som den varmaste dagen i året.
Les meir. 

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge 2021

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan no søkje om midlar frå Bufdir til inkludering av barn og unge. Ordninga skal bidra til at alle barn, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra, skal ha moglegheit til å delta i minst éin organisert aktivitet saman med andre. Aktivitetstilbodet skal så langt det er mogleg, ha låge eller ingen kostnader.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Inrevik denne veka (47)

  • 16.11.: Internt møte
               Digitalt møte med restaurant og reiseliv
               Digitalt møte med treningssenter
  • 17.11.: Formannskapsmøte
                Opptak bygdebokslepp
  • 18.11.: Ordførarmøte Vestland
                Eigarmøte, Bergen Hamn
  • 19.11.: Fylkesmannsmøte, KKL
                Styremøte GCE Ocean
  • 20.11.: Mogleg fri
  • 21.11.: Vigsel

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka  (47)

  • 16.11.: Kontordag/interne møte
  • 17.11.: Formannskapsmøte
  • 18.11.-19.11.: Anna arbeid
  • 20.11.: Kontordag
                Utdeling av Årets fyrtårnpris