Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 42.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Gjennomfører driftstiltak for 2020

Som oppfølging av kommunestyrevedtak i september, har rådmannen lagt fram sak for formannskapet om driftstiltak som skal bidra til å bringa balanse mellom inntekter og utgifter for 2020. Formannskapet behandlar saka den 20. oktober. Elles skal formannskapet drøfta moglegheitsstudie for ny skule vest på Sotra.
Les meir. 

Møtte leiinga i Vestland fylke

Kommunedirektøren og den politiske leiinga i Øygarden kommune fekk i dag besøk frå leiinga i Vestland fylkeskommune. Tema var mellom anna samferdsle, skule og kultur. Fylkesordførar Jon Askeland sa at Vestland fylke er det største verdiskapingsfylket i landet.
- Vi definerer oss som medspelar. Dei 43 kommunane i fylket er vår viktigaste allierte, sa Askeland.
Les meir.

Tilrår å godkjenna plan for Branndalsåsen, Bildøyna

Utval for plan tilrår overfor kommunestyret at kommunen godkjenner områderegulering for Branndalsåsen, Bildøyna. I innstillinga frå møtet på torsdag er talet på bustadeiningar i første byggesteg redusert frå 190 til 112 bustadeiningar. Innstillinga var samrøystes. I innstillinga vert kommunedirektøren beden om å arbeida vidare med oppfølging av trafikksikringstiltak på Bildøyvegen. Arbeidet må samordnast med Sotrasambandet og tiltak, trafikkregulering og tidsrammer knytt til utbygginga av nytt Sotrasamband.
Les meir.

Hugs fristar for søknad om støtte og kandidatforslag til prisar!

Det nærmar seg fristar for å søkja om støtte til lag- og organisasjonsarbeid. Merk også at det nærmar seg frist får å gje forslag til dei som du meiner bør få ein pris for 2020.
Les meir.

Tilrår moglegheitsstudie for ny skule på vestsida

Utval for samfunnsutvikling går inn for å starta arbeidet med ein moglegheitsstudie for eín ny skule på Vestsida på Sotra. Utval for samfunnsutvikling konkluderte med dette på møtet på tysdag. Saka vert endeleg avgjort i kommunestyret.
Les meir.

Ønskjer kandidatforslag til trafikktryggingspris

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ein trafikktryggingspris til nokon som har utmerka seg i trafikktryggingsarbeidet. Både personar, lag og organisasjonar kan få prisen; Trafikktryggingsprisen i Vestland 2020. No oppmodar fylkeskommunen folk til å senda inn forslag til kandidatar til prisen.
Les meir.

Viste fram samferdsleutfordringar i Øygarden

Saman med varaordførar Atle Dåvøy og leiar av utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv, tok leiar av utval for plan, Svein Otto Jacobsen, med seg saksordførar for Regional transportplan 2022-2033, Sigbjørn Framnes, på ein visningsrunde i kommunen på måndag.
- Bruk alle høve det har til å koma med innspel til planen! sa Framnes på rundturen der Øygarden fekk vist seg fram i flotte haustfargar og strålande solskinn. Les meir.

Markerer verdsdagen for psykisk helse

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. I Øygarden vert dagen markert denne og neste veke. Tema for dagen i år er: Spør meir. Det vert ubetent stand på dei tre biblioteka/innbyggjarservice i Skogsskiftet, på Straume og på Rong.
Les meir.

Drøfta leiingskompass i administrasjonsutvalet

Kommunedirektøren har utarbeidd eit leiingskompass som skal vera styringssignal og navigeringsverktøy for leiarskapet i kommunen. Administrasjonsutvalet drøfta dokumentet i dag og tok det til orientering. Formålet med leiingskompasset er å leggja til rette for at heile organisasjonen arbeider i samsvar med vedteken organisering og formåla med kommunesamanslåinga.
Les meir.

Home-Start Familiekontakten

Home-Start Familiekontakten (HSF) er eit frivillig tilbod til familiar med små barn, med ulike utfordringar i kvardagen. Dette er eit familiestøtteprogram der familiekontaktar (frivillige) vitjar familiar med minst eitt barn under skulealder, 2-4 timar kvar veke, i 6 mnd.
Les meir.

Frisk pust

Rask Psykisk Helsehjelp tilbyr eit behandlingstilbod/førebyggande tiltak i samarbeid med Aktiv 365 på Straume. Velkomen til  kursrekka «Frisk Pust». Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet / prestasjon og restitusjon / kvile?
Les meir.

Klart for influensavaksinering i Øygarden

Sesonginfluensavaksine 2020/2021 vert tilrådd til personar som har auka risiko for alvorleg sjukdom og komplikasjonar ved influensasjukdom. Vaksinen er tilgjengeleg frå 19. oktober. Alle som er i risikogruppa og ønskjer vaksine, må ta kontakt med fastlegekontoret for avtale om vaksinering.
Les meir.

Ingen smitte i Øygarden dei tre siste dagane

Det er ikkje påvist smitte hjå innbyggjarar i Øygarden i perioden sundag til tysdag.
Smittevernlege Jens Eikås er varsam med å konkludera når det gjeld smittetrykket i kommunen.
-  Eg ser dette som ein positiv trend. Men vi er sårbare og må framleis ha sterkt fokus på å halda avstand og følgja smittevernråda, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.

To nye smitta i Øygarden

Det er påvist koronasmitte hjå to personar i Øygarden fredag. Det eine tilfellet gjeld eit barn i ein barnehage. Det fører til at to avdelingar i barnehagen må i karantene. Det andre smittetilfellet gjeld ein utanlandsk statsborgar.
Les meir.​​​​​​​

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (42)

  • 12.10.: Ferie
  • 13.10.: Arena KS-konferanse i Bergen (KS: fellesorganisasjon for kommunane
                Styremøte Øygarden Høgre
  • 14.10:  Synfaring, kulturterminalen
  • 15.10.: Besøk Fjell festning og opplegg for 5. klasse
                Webmøte ved TISK
                Møte med fylkeskommune
  • 16.10.:  Styreseminar Vest Næringsråd

Ordføraren neste veke (43)

  • 19.10.: Lunsj med dagleg leiar i Fjell kommunape pensjonskasse
                Møte med Pitstop
                Kontaktmøte med Equinor
                Nabomøte Equinor
  • 20.10.: Samfunnsikkerhetskonferanse
                Mekling Ebbesviksneset
                Møte i Formannskapet
                Digital regionskonferanse, Høgre
  • 21.10.: Oslo:
                Møte med Statsminister Erna Solberg
                Møte med Kommunalminster Nikolay Astrup
  • 22.10.: Møte i styringsgruppe for Miljøløftet
                Styremøte i MOT
                Møte med Norsk Forbund for Utviklingshemma
                Digital Regionskonferanse,  Høgre
  • 23.10.: Årsmøte i kommuneprogrammet Husbanken
                Avslutning for kemnerkontoret

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (42)

  • 12.10.:  Interne møte
  • 15.10.- 16.10.: Strategisamling med Bergen Havn, styret og leiing