Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 27.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Gler seg over dugnadsinnstillinga

Det starta med festdagar med storstilt opning av den nye kommunen. Etter to månader måtte ordførar Tom Georg Indrevik leia kommunen gjennom ein krevjande periode med koronavirus.- Eg er imponert og takksam for at folk stod saman og viste stor dugnadsvilje, seier ordføraren når han skal oppsummera det første halve året for den nye kommunen.
Les meir.

No får du raskare svar på koronatesten

Frå 2. juli kan du sjølv sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og svart på. Helsepersonell svaret via kjernejournal.
- Dette kortar ned ventetida, seier mittevernlege i Øygarden, Bjørg Møllerløkken.
Les meir. 

Tildeler rammeavtalar for handverkartenester

Øygarden kommune har tildelt rammeavtalar i åtte fagområde innanfor handverkartenester. Avtalane har totalt ei årleg ramme på 30 millionar kroner. Avtaleperioden er på to år, med mogleg forlenging på inntil to år. Totalt kom det inn 64 tilbod.
- Utlysinga er gjort på like vilkår, og det er gledeleg at det er mange lokale aktørar som har gjeve tilbod og fått rammeavtale, seier stabsleiar for innkjøp og investering, Marius Flesland Sylta.
Les meir. 
 

Jamt over god kvalitet på badevatnet

Helseverneininga i Bergen kommune har gjennomført prøvetaking i sju badevatn i Øygarden kommune. Fem av badevatna vert rekna som godt eigna badevatn. Prøvetakingane av dei sju badevatna vart gjennomførte vår/sommar 2020. Fuglavatnet (Landro), Kvernavatnet (Ågotnes), Skiftedalsvatnet (v/ Foldnes kyrkje), Arefjordvatnet og Nordlavatnet vert kategoriserte som godt eigna badevatn. Skogavatnet (v/ Sotra Arena) og Blomvatnet vert rekna som mindre eigna badevatn.
Les meir. 

God deltaking på kurs i depresjonsmeistring

Rask psykisk helsehjelp har i vår gjennomført eit seks veker langt nettkurs i meistring av depresjon, stress og belastning. 12 av 15 deltakarar (80 prosent) fullførte kurset.
- Dette er vi svært godt nøgde med, seier kommunepsykolog Karina Harkestad. Vanlegvis er dette kurs med fysisk oppmøte. Koronaviruset gjorde sitt til at kurshaldarane måtte tenkja nytt. Då vart nettkurs på videoplattforma Whereby løysinga.
Les meir. 

Populært med sommaraktivitetar

Kommunale sommaraktivitetar er eit populært tilbod for barn og ungdom dei første vekene av sommarferien. Om lag hundre barn i barneskulealder deltok på ein eller fleire aktivitetsdagar i løpet av den første veka med sommaraktivitetar i Øygarden.
Les meir. 

Presisering om kva tid barn i barnehage må sendast heim

Det har vore ein del uvisse om kva tid eit barn som går i barnehage, må sendast heim på grunn av symptom på sjukdom. Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har no kome med ei presisering om dette.
Les meir. 

Dette skjedde 1. halvår 2020

Det er ingen tvil om at det har skjedd mykje i Øygarden kommune det første halvåret av 2020. Start for den nye kommunen og koronaviruset er gode døme på det. Likevel, i oppsummeringa for det første halve året for den nye kommunen kan du også lesa om andre ting som har skjedd i kommunen vår.
Les meir.