Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 26.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Ønskjer plan for Skogsskiftet klar til september

Etter ein lengre debatt vedtok utval for plan samrøystes å senda saka om kommunedelplan tilbake til administrasjonen slik kommunedirektøren innstilte på. Utvalet ønskjer at administrasjonen kjem med ein status eller løypemelding i det neste møtet den 17. august med ønske om ferdigstilling og politisk behandling i møtet den 17. september. Det vart også vedteke å leggja ut plan for Skulebakken, Knarrvika ut til offentleg ettersyn.
Les meir. 

Samlokaliserer innbyggjarservice og biblioteka

Frå august av vil innbyggjarane få eit anna førstemøte med kommunen enn i dag. I løpet av august er venteleg arbeidet med å samlokalisera innbyggjarservice og biblioteka fullført. Innbyggjarservice vert å lokaliserte i biblioteklokala på Straume, Skogsskiftet og Rong. Med dette grepet følgjer kommunen opp intensjonsavtalen som slår fast at dei publikumsretta tenestene skal vera sikra i kommunale servicesenter og at dei brukarretta tenestene skal vera lokaliserte så nær brukarane som mogleg.
Les meir.

Opningstider i sommar

I juni er opningstida på rådhusa og kommunedelsentera på Rong og i Skogsskiftet klokka 09.00 til 15.00. I juli er opningstida på Øygarden rådhus på Straume klokka 09.00–15 .00. I Skogsskiftet og Rong er administrasjonsbygga opne for avtalte besøk og vert betente av digitale besøksvertar. Merk at biblioteket på Straume er heilt stengt i tida 6. til 10. juli på grunn av omlegginga.
Les meir. 

Opnar publikumsmottaket for NAV Øygarden

Publikumsmottaket til NAV Øygarden på Straume opnar igjen for publikum frå i dag 22 juni. Publikumsmottaket vert ope måndag og torsdag klokka 12.00 - 14.00. Timeavtalar vert teke utanom opningstida. Tenestene til NAV opne og tilgjengelege.
Les meir.

Møtte leiinga i Vestland fylke og Bergen kommune

Den politiske og administrative leiinga i Øygarden hadde på fredag to separate videomøte med leiinga i Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. Målet var å drøfta felles problemstillingar. Frå Øygarden deltok ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Atle Dåvøy og kommunedirektør Rune Lid.
Les meir.

Straume bibliotek held stengt veke 28

Straume bibliotek held steng i veke 28, (6.-12. juli), grunna ommøblering i samband med samlokalisering av bibliotek og innbyggartorg. På nettsida til Øygardsbiblioteka finn du meir informasjon om biblioteka i kommunen.
Les meir.

Kantklypping

Samferdsle og trafikktryggleik startar med den årlege kantklyppinga langs kommunale vegar i veke 28, og arbeidet vert sluttført rundt juletider. Utstyret er grovt maskinelt og eignar seg difor dårleg i bustadområde. Vi ser det difor som ein føremon at grunneigarane sjølve tek ansvar i slike område.
Les meir.