Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 25.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Vedtok revidert budsjett for 2020

Kommunestyret hadde 35 saker på dagsorden då det var samla til møte på torsdag. Mellom sakene var revidert budsjett for 2020, bruk av statstilskot til rehabilitering og vedlikehald, årsmeldingar, omsorgsutbygging og felles mobbeprogram for å nemna noko.
Les meir.

Gull til «Gøy med gull i tanngarden»

På torsdag vart det klart kven som gjekk sigrande ut i strilahaiku-konkurransen. Like etter lunsjpausen i kommunestyret kunne redaktør i Vestnytt og Askøyværingen overrekkja førstepremien til Halvor Skurtveit for «Gøy med gull i tanngarden, sa strilen og gliste».
Totalt kom det inn over 200 bidrag i konkurransen. Andrepremien gjekk til Magnus Torvik, medan tredjeplassen gjekk til Marta Algrøy Misje. Elevkonkurransen vart vunnen av Sunniva Straume Husnes og Elise Ekerhovd Andersen.
Les meir.

Første møte i beredskapsrådet for den nye kommunen

Representantar frå kommunen og ei rekkje beredskapsaktørar var på måndag denne veka samla på det første beredskapsmøtet for den nye kommunen. Ordførar Tom Georg Indrevik tok utgangspunkt i koronaviruset då han ønskte velkomen.
- Tusen takk for alle bidraga dykkar i denne krevjande situasjonen! Fleire av dykk har delteke på beredskapsmøta i den kommunale kriseleiinga, sa Indrevik.
Les meir.

Ønskjer godt samarbeid med kommunen

På tysdag denne veka møtte leiinga i Den norske kyrkja i Øygarden leiinga i Øygarden kommune.
- Vi ønskjer å ha eit godt samarbeid med kommunen, sa påtroppande kyrkjeverje (no personalleiar) Annlaug Børge. Kyrkjeverje Olav Martin Vik, seksjonsleiar for barn og unge/kateket Rannveig Vestbøstad Vik og Annlaug Børve møtte ordførar Tom Georg Indrevik, kommunedirektør Rune Lid, kommunalsjef for Økonomi, Anne Erdal, og assisterande kommunalsjef for Oppvekst, Jon Erik Egeland.
​​​​​​​Les meir.

Etablerer kulturråd

Representantar frå det frivillige kulturarbeidet møtte ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel-Møvik Olsen på tysdag for å drøfta etablering av kulturråd. Det vert førebudd ei politisk sak der det om samarbeidsavtale mellom kulturrådet og kommunen.
Det er ikkje avklart om kulturrådet skal kallast kulturråd eller amatørkulturråd.
​​​​​​​Les meir.

Takka for godt arbeid med plan- og byggjesaker

Ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i utval for plan, Svein Otto Jacobsen, inviterte på tysdag dei tilsette i plan, geodata og oppmåling og byggesak, tilsyn og miljøforvaltning til kaker og kaffi i kultursalen på rådhuset.
- Det er gjort ein formidabel jobb dei siste vekene. Vi som politikarar må også ta sjølvkritikk, men eg håpar vi kan sjå framover og jobba vidare i ein god dialog med dykk, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
​​​​​​​Les meir.​​​​​​​

Plan for Skulebakken, Knarrvika er klar for offentleg ettersyn

Utval for plan skal på møtet den 25. juni ta stilling til om framlegg til detaljregulering for Skulebakken, Knarrvika skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Utvalet skal også førstegongsbehandla kommunedelplan for Skogsskiftet.. Formålet med planen er å leggja til rette for 33 bustadeiningar med vegar, gangvegar, parkeringsanlegg, uteopphaldsareal og leikeareal.
​​​​​​​Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (25)

  • 15.06.: Kalendermæte
                Beredskapsråd
                Gruppemøte
  • 16.06.: Møte i amatørkulturrådet
                Statusmøte med kyrkjeverjen
  • 17.06.: Statusmøte med NAV
                Møte me Pitstop
                Styremøte i Ågotnes Næringspark
                Tale ved avslutninga for Sotra vidaregåande skule
  • 18.06.: Kommunestyremøte
  • 19.06.: Webmøte med fylkesordføraren
                 Webmøte med byrådsleiaren

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (25)

  • 15.06.: Kalendermøte
                Beredskapsråd
                Intervju i samband med risiko og vesentlegheitsvurdering
                Møte med komiteleiarar og ordførar
  • 16.06.: Anna arbeid
  • 17.06.: Anna arbeid
  • 18.06.: Kommunestyremøte
  • 19.06.: Styremøte Bergen Hamn
    ​​​​​​​            Anna arbeid