Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 07.

Klikk for stort bileteIll. 

Tre utval konstituerte seg denne veka

På tysdag konstituerte Ungdommens kommunestyre (UKS) seg med Karoline Sæle Einevoll som leiar og Thomas Mikal Hornnes som nestleiar. Råd for menneske med funksjonsnedsetting konstituerte seg med Ernst Einarsen (H) som leiar og Sindre Andre Andreassen som nestleiar. Leiar av eldrerådet vert Sverre Bungum, medan Marit Karin Schmidt Lie vert nestleiar. Begge desse representerer pensjonistlaga.
Les meir.

Gamlerådmannen på podiet igjen.....

Steinar Nesse har vore pensjonist i godt og vel ein månad. I dag var den tidlegare rådmannen i Fjell tilbake i Sotra Arena og snakka både om fortida og framtida då han på Aktiv+ tok oss gjennom «25 år på 60 minutt om utviklinga i Fjell». Det handla mest om gamlekommunen, men også litt om framtida for den nye kommunen. Nesse starta med å visa bilete av Straume i 1960 og Straume anno 2020. Kontrasten er formidabel. Frå nokre få hus har området utvikla seg til ein kystby og regionsenter på desse 60 åra.
Les meir.

Fjell ungdomsskule får gjester frå Frankrike

Den 25. mars kjem 17 elevar og to lærarar på besøk til Øygarden kommune og Fjell ungdomsskule. Elevane og lærarane vert innlosjerte privat. Det er framleis behov for fleire vertsfamiliar. Det heile starta med at 30 franskelevar frå Fjell ungdomsskule på besøk i Rouen/Sotteville-lès-Rouen i Frankrike i november 2018. I mars 2019 var ei gruppe elevar og to lærarar frå to collège i Sotteville på gjenvisitt. Det var så vellukka at den 25. mars kjem ei ny gruppe frå eitt av desse collèga. 
Les meir.

Ekstremt høg vasstand natt til tysdag

Meteorologisk institutt meldte om ekstremt høg vasstand for Vestlandet sør for Stad  natt til tysdag.  Det var fare for overfløyming og øydeleggingar på gjenstandar i strandsona. I varselet gjekk det fram at vasstanden er forventa å verta 80 – 100 centimeter over høgda som er gjeve opp i tidevasstabellane.
Les meir.

Tek endeleg stilling til byvekstavtale

Den 20. februar skal kommunestyret gjera endeleg vedtak om Øygarden kommune for sin del skal godkjenna byvekstavtalen. Fylkeskommunen, og kommunane Bergen og Askøy har godkjent avtalen. Tysdag den 18. februar skal Bjørnafjorden kommunestyre behandla avtalen, medan saka står på dagsorden for Alver og Øygarden kommnar den 20 februar.
Les meir.

Betyr naturen noko for trivselen din?

Arbeidsgruppa til UNESCO på Universitetet i Bergen inviterer deg til å delta i ei nettbasert undersøking om korleis naturen bidreg til trivsel for menneske i Nordhordland biosfæreområde. Tysdag 25. februar vert du invitert til informasjonsmøte på Rong.
Les meir.​​​​​​​

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (07)

  • 10.02.-12.02.: KS-samling i Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 13.02.: Møte med Telavåg Seafood
                Synfaring Svanevåg-prosjektet i Øygarden
  • 14.02.: Strategisk møte med Høgskulen på Vestlandet

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (07)

  • 10.02.:  Kontordag på rådhuset, informasjonsmøte og innspelsmøte         
                 til moglegheitsanalyse for havbruk (på Vik)
  • 11.02.-12.02.: Fri
  • 13.02.:  8. mai komitémøte
  • 14.02.:  Fri