Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 05. Her finn du også oversikt over gjeremåla til ordførar og varaordførar.

Illustrasjon - Klikk for stort bilete  

Coronavirus

Øygarden kommune følgjer til ei kvar tid dei nasjonale retningslinjene gjevne av FHI (Folkehelseinstituttet) når det gjeld Coronavirus sjukdom. Sjå www.fhi.no for meir detaljert informasjon. Dette er informasjon til deg som innbyggjar, og til deg som oppheld deg i kommunen.
Les meir.

Formannskapet tilrår å godkjenna byvekstavtalen

Med sju mot fire røyster slutta formannskapet seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om å vedta den sluttforhandla byvekstavtalen for bergensområdet. Avtalen som vart underteikna av fem kommunar, Samferdsledepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Vestland fylkeskommune den 4. desember, er ikkje gjeldande før alle dei lokale avtalepartnarane har fatta politiske vedtak. Staten forpliktar seg til å bidra med 13,3 milliardar kroner (2020-kroner) gjennom avtaleperioden 2019-2029.
Les meir.

Eksporterer sjømat for 107 milliardar

Fiskeri og havbruk står for om lag 10 prosent av eksporten i Noreg kvart år. I 2019 vart det eksport sjømat for 107 milliardar kroner. Dette var noko av det regionsjef i Sjømat Norge (Sør- og Vestnorge), Hans-Inge Algrøy, kunne fortelja då formannskapet hadde møte på Kystmuseet i Ovågen på tysdag. Algrøy var ein av fleire aktørar som informerte formannskapspolitikarane.
Les meir.

Tilrår å ta imot 28 flyktningar

Utval for tenester og levekår tilrår at Øygarden kommune tek imot 28 flyktningar i 2020 der tre av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige som kjem til landet utan føresette. Framstegspartiet fekk si eiga røyst på eit forslag om ikkje å ta imot flyktningar. SV røysta for å ta imot 34 flyktningar der seks av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige. Også dette forslaget fekk ei røyst og fall. Dermed var det tilrådinga frå kommunedirektøren om å ta imot 28 flyktningar, derav tre einslege mindreårige, som er tilrådinga overfor kommunestyret som gjer endeleg vedtak.
Les meir. 

Klar for arbeidet med planstrategi

Utval for samfunnsutvikling tilrår at kommunestyret sluttar seg til prosess for utarbeiding av Øygarden kommune sin planstrategi 2020 -2023, slik det går fram i vurderinga til kommunedirektøren. I innstillinga frå møtet på onsdag heiter det også at kommunestyret sluttar seg til framlegg om å starta arbeidet med å utarbeida planprogram for samfunnsdelen i kommuneplanen slik det går fram i vurderinga til kommunedirektøren.
Les meir. 

Meistringskurs hjelper ungdom med angst

Eit meistringskurs i skuletida gir god hjelp for ungdom som slit med angst. Det viser ny forsking. Den positive effekten held seg også etter at kurset er ferdig. 18 norske ungdomsskular deltok i forskingsprosjektet der ein prøvde ut meistringskurs for elevar med angst. Fjell, Sund og Askøy kommunar var mellom dei kommunane som deltok i prosjektet, skriv forskning.no.
​​​​​​​Les meir. 

Tilrår opphavleg plan for Ebbesvika

Utval for plan tilrår å godkjenna detaljreguleringsplan for Ebbesvik slik han vart fremja i 2016. Tilrådinga vart gjort på møtet på torsdag mot tre røyster (Arbeidarpartiet og SV). Saka går no til formell mekling hjå Fylkesmannen før behandling i kommunestyret. Dersom ikkje meklinga med Fylkesmannen fører fram, og kommunestyret vedtek planen, vert saka sendt via Fylkesmannen til endeleg avgjerd i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
​​​​​​​Les meir. ​​​​​​​

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (06)

  • 03.02.: Opplæring for formannskapet vedr. klagebehandling
  • 04.02.: Frukostmøte Bergen Næringsråd
                Formannskapsmøte på Kystmuséet i Ovågen

            Innom samling for musikk og underholdning

  • 05.02.: Besøk på Sotra Fiskeindustri
  • 07.02.-09.02.: Deltek på årsmøtet i Vestland Høgre

Ordføraren neste veke (07)

  • 10.02.-12.02.: KS-samling i Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 13.02.: Møte med Telavåg Seafood
                Synfaring Svanevåg-prosjektet i Øygarden
  • 14.02.: Strategisk møte med Høgskulen på Vestlandet

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (06)

  • 03.02.:  Første dag som varaordførar; Kalendermøte
  • 04.02.-05.02.:  Styremøte i Nettverk for petroleumskommunar (NPK) i Tysvær
  • 06.02.-07.02.:  Fri

Varaordføraren neste veke (07)

  • 10.02.:  Kontordag på rådhuset, informasjonsmøte og innspelsmøte                                          til moglegheitsanalyse for havbruk (på Vik)
  • 11.02.-12.02.: Fri
  • 13.02.:  8. mai komitémøte
  • 14.02.:  Fri