Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Her er ny vekeraport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 06.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Vedtok forskrift om smittevern på byggjeplassar

Formannskapet vedtok torsdag kveld (11. februar) samrøystes forskrift om smittevern på byggjeplassar. Målet er å unngå ukontrollert spreiing av mutert koronavirus i samfunnet som følgje av utbrot til byggjeplassar. Forskrifta trer i kraft frå og med 12. februar og gjeld til og med 28. februar. Den kommunale kriseleiinga (KKL) får fullmakt til å endra/redusera kor lenge forskrifta skal gjelda.
Les meir.

Forlengjer forsterka smitteverntiltak

Regjeringa har i dag avgjort å forlengja dei forsterka smitteverntiltaka i bergensområdet. Frå måndag 15. februar skal Øygarden kommune saman med åtte andre kommunar i bergensområdet gå frå tiltaksnivå B til tiltaksnivå D, «Noko høgt tiltaksnivå».
Les meir.

Møte med byggebransjen

I samarbeid med Vest Næringsråd gjennomførte Øygarden kommune på torsdag eit videomøte med representantar frå byggebransjen. Bakgrunnen er at det venteleg i løpet av dagen/kvelden vert vedteke ei forskrift om smittevernfagleg drift på byggjeplassar i fleire kommunar i bergensområdet. Denne forskrifta vert ikkje identisk med forskrifta vedteken i Bergen, men har på same måte som forskrifta i Bergen eit mål om å unngå ukontrollert spreiing av mutert koronavirus i samfunnet som følgje av utbrot til byggjeplassar.
Les meir.

Kommunestyret drøftar nytt rådhus/kulturhus

Kommunestyret har 26 saker på dagsorden då det vert kalla inn til det første møtet i 2021. Mellom sakene er drøftingssak om nytt rådhus/kulturhus og andre offentlege funksjonar i samband med etablering av ny vidaregåande skule i regionsenteret i Øygarden kommune.
Møtet vert avvikla torsdag 18. februar og gjennomført på Teams. Det vert høve til å følgja møtet på nett-TV.
Les meir.

Tilrår å søkja om tilskot til fornying og innovasjon

Formannskapet tilrår at kommunen søkjer om skjønsmidlar frå staten til fornying og innovasjonsprosjekt.  Det vert føreslått å søkja om midlar til sju prosjekt. Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) har sett av 30 millionar kroner til fornying og prosjektskjøn. Tidlegare har Fylkesmannen behandla søknaden etter tilråding frå regionråda. Øygarden er ikkje lenger med i regionråd, og behandlar difor saka fram for behandling i formannskapet og til sist i kommunestyret.
Les meir.

Mange deltok på utdanningsmesse den 9. februar

For første gong vart utdanningsmessa i regi av Sotra  Rotary Club gjennomført utelukkande som ei digital messe. President Ina Catrine Nordbø-Rasmussen er godt nøgd.
- Det fungerte godt teknisk og elevane fekk logga seg på. Mange opplevde den grafiske utforminga som stilig, seier ho.
481 unike brukarar logga seg på. Det var registrert 15 videosamtalar og 188 chat-samtalar. Øygarden kommune deltok med eigen stand for lærlingane.
Les meir. 

Tilrår start av arbeid med overordna plan for vatn og avlaup

Kommunedirektøren rår til at det kommunale selskapet ØyVAR AS kan starta arbeidet med kommunedelplan for vatn og avlaup. I tilrådinga til utval for samfunnsutvikling (US) plan 16. februar går det også fram at sak om formell start av planarbeidet framlegg til planprogram skal leggjast fram til våren.
Les meir.

Seniorbussen vert førebels innstilt

På grunn av at kommunen har innført forsterka smitteverntiltak, vert det ikkje tilbod om seniorbuss i februar.
Les meir.

10. klassing på Fjell ungdomsskule vann iPad

Ove Foldnes i Sotra Rotary Club troppa uventa opp i klasse 10A på Fjell ungdomsskule i dag. Målet med besøket var å overlevera ein iPad til Marielle Christin Steffensen som vart trekt ut som den eine av dei 60 deltakarane i konkurransen i samband med utdanningsmessa den 9. februar. Det kan trygt seiast at dette vart eit populært besøk.
Les meir.

No kan du søkja tilskot til kultur, idrett og fritid

Øygarden kommune har ulike tilskotsordningar for å stimulera til eit aktivt kunst- og kulturliv. Lag, organisasjonar eller enkeltutøvarar innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv kan søkja tilskot frå ordningane.
Les meir.

Informasjon om koronaviruset

På heimesida til Øygarden kommune finn du informasjon om smittetal knytt til koronaviruset, vaksinasjon mot koronaviruset og anna informasjon om pandemien.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik neste veke (07)

  • 15.02.: Interne møte
                Møte om samfunnsdelen til kommuneplanen
                Gjennomgang med dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF
  • 16.02.: Møte med Statsforvaltaren i Vestland
                 Føredrag for Ulstein kommune
  • 17.02.: Møte med Skogsskiftet, Vidar Klepsvik
                Møte med Telle Gruppen
  • 18.02.: Møte om Shetland Race
                Kommunestyremøte
  • 19.02.: Styringsgruppemøte Miljøløftet
  • 20.02.: Vigsel

Varaordførar Atle Dåvøy denne veka (06)

  • 08.02.. Kontordag
                Diverse møte
  • 09.02.: Diverse interne møte
                Møte i valstyret og formannskap
  • 10.02.-11.02.. Anna arbeid
  •  12.02.: Kontordag
                 Politisk arbeidsutval

Varaordføraren neste veke (07)

  • 15.02.. Kontordag
                Statusmøte med dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF
                Interne møte
  • 16.02.-17.02.: Anna arbeid
  • 18.02.: Kommunestyremøte
  • 19.02.: Anna arbeid