Heile skulen på hjul i Blomvåg

Klar for ny runde på Herdlevær - Klikk for stort bilete

Trygge og glade 8- 10 åringar frå Blomvåg skule tok utfordringa då lærarane inviterte på sykkeltur til Herdlevær på skulen sin sykkeldag på Blomvåg torsdag.

Beste veninner på tur til Herdlevær - Klikk for stort bileteBeste veninner på tur til Herdlevær

Snart i mål - Klikk for stort bileteSnart i mål

Lærarane Ruth (v) og Belinda med nøgde elevar - Klikk for stort bileteLærarane Ruth (v) og Belinda med nøgde elevar

Ikkje verst å sykle 1,4 mil for små kroppar! Men med motiverande og oppmuntrande  lærarar:  Belinda føre og Johnny bak og Ruth som tryggleikssjef i bil, gjekk det strålande! Det var litt regn og surt i starten på dagen men etter litt mat var alle  klar for konkurranse. Nokre var litt skeptiske, og starta individuelt. Men etter øving, vart  konkurranseinstinktet pirra, og dei la ut to og to, medan sola titta fram og skapte god stemning. 3. – og 4. klassen brukte heile dagen på denne fine  og utfordrande  turen.Frå v rektor Linda, lærarane Synnøve og Sølvi - Klikk for stort bileteFrå v rektor Linda, lærarane Synnøve og Sølvi Pump Track på Rong - Klikk for stort bilete

Mellomtrinnet får instruksjon - Klikk for stort bileteMellomtrinnet får instruksjon

 

 

Balansetrening - Klikk for stort bileteBalansetrening

 

På Rong var rektor Linda og lærarane Synnøve og Sølvi saman med mellomtrinnet som øvde seg på Pump Track. Ikkje berre enkelt, for  her var det om å gjera å halda balansen, noko  rektor innrømte at ho ikkje klarte like godt som mange  elevar gjorde.  Ho fortalde at torsdagane har mellomtrinnet «Glad-dag» heile dagen med dei faste aktivitetar som Mat og helse, kunst og kultur  og sjølvsagt fysisk aktivitet. Denne torsdagen var heile skulen med på sykkeldagen.

Då mellomtrinnet var ferdig på Rong sykla dei tilbake til skulen for øva seg i hinderløypa og laga kunstverk til Sykkel-VM. I tillegg hadde dei både vaske – og vedlikehaldsstasjon, sett på film om sykling og lært trafikkreglar.Grillkos i Lamaskogen - Klikk for stort bileteGrillkos i Lamaskogen

1 og 2 klasse klar for grilltur - Klikk for stort bilete1 og 2 klasse klar for grilltur Småklassen, 1. og 2. klasse var på kosetur i Lamaskogen på Dale og fekk grilla. I tillegg var dei med på vasking og testing av syklane. Også dei fekk sjå film og om sykling og ikkje minst læra trafikkreglar.
På slutten av dagen samla alle elevane seg til Sykkel VM-song og alle fekk kvar sine fine drikkeflasker.

Publisert av Ingunn Teigen Tekst/foto / og foto Hildegunn Lanro. Sist endra 28.04.2017
Fann du det du leita etter?