Heildagsmøte for kommunestyret

Vel 20 saker skal behandlast av kommunestyret torsdag 6. oktober.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto

Møtet tek til klokka 09.00. Av saker som skal behandlast er sluttbehandling av detaljregulering for Energiparken Vest, oppgjer etter skifte av pensjonsselskap, eigarskapsmelding, endringar i politisk delegeringsreglement, fastsetjing av tal på kommunestyremedlemer, økonomirapport og kapitalinnskot i Naturgassparken Vest AS.

Møte tek til klokka 09.00 og vert halde i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert overført på kommune-TV.