Heildagsmøte for kommunestyret

Den 28. mai er det kalla inn til heildagsmøte i kommunestyret. Møtet vert halde på Panorama Hotell & Resort. Den første delen av kommunestyret er sett av til arbeidsverkstad med planstrategi og berekraftig utvikling som tema.

Møtet vert halde på Panorama Hotell & Resort. Biletet er frå seminar for kommunestyret i slutten av januar. Møtedeltakarane vil ikkje sitja like tett på møtet på torsdag som dei kunne gjera i januar. - Klikk for stort bileteMøtet vert halde på Panorama Hotell & Resort. Biletet er frå seminar for kommunestyret i slutten av januar. Møtedeltakarane vil ikkje sitja like tett på møtet på torsdag som dei kunne gjera i januar. 

Dette vert det første fysiske kommunestyremøtet etter den 20. februar. Møtet tek til klokka 09.00 med arbeidsverkstad. Behandlinga av kommunestyresakene tek til klokka 12.15 og vert overført på nett-TV, og det vert organisert slik at det maksimalt er 50 personar i salen og at retningslinjene for smittevern elles vert følgde. Det er dermed ikkje høve for publikum å vera til stades i salen under møtet.

Målet med arbeidsverkstad er å konkludera med prioritering av berekaftsmåla og vurdera plansystem og planbehov i kommunen.

Kommunestyret skal mellom anna ta stilling til modell for næringsarbeid. Formannskapet har innstilt på at det vert oppretta eit kommunalt føretak. I ein rapport utarbeidd av Gode Sirklar er det føreslått at det vert etablert ein stab på tre – fire personar med eit årsbudsjett på vel fem millionar kroner.

Det ligg også føre sak om avklaring av politisk delegeringsreglement. I denne saka konkluderer kommunedirektøren med at politiske arbeidsgrupper og utval som er oppretta av andre enn kommunestyret, ikkje er i tråd med det vedteke politiske delegeringsreglementet. Han tilrår difor alle politiske grupper/ utval som ikkje er oppretta av kommunestyret vert avvikla. Saka vart utsett i kommunestyret den 20. februar.

Her er sakene som skal behandlast på kommunestyret den 28. mai:

  • Avvikling av interimstyret for fusjon mellom FjellVAR og Sund VA
  • Informasjon om arbeidet med ny rettleiar for tilstandsrapportering om barnevern
  • Vedtak Fjell kommunestyre 20.06.19 - Områdemodell for Straume sentrum, indre kjerne 
  • Rebudsjettering av investeringar 2020
  • Økonomireglement for Øygarden kommune
  • Finansstrategi,  finans- og gjeldsreglement
  • Møteplan utval og nemnder 2. halvår 2020
  • Byvekstavtale - godkjenning av handlingsprogram 2021-2024 og føringar for vidare arbeid
  • Prioritering av planoppgåver og disponering av budsjettmidlar til konsulent
  • Prinsippvedtak om bruk av utbyggingsavtalar i Øygarden kommune - Vedlegg vert ettersendt
  • Politisk plattform 2020 – 2023
  • Modell for næringsarbeid i Øygarden kommune
  • Lærlingar som del av tiltakspakke fase 1 -  i samband med koronaviruset
  • Utgreiing av krisesentertilbod i eigen regi
  • Samarbeidsavtale Øygarden - Scalloway og Øygarden – Krosno
  • Korleis sikra pensjonsandel for folkevalde som vert trekt i løn frå arbeidsgjevar
  • Samarbeid mellom Øygarden kommune, Stiftinga Fjell festning og Stiftinga Museum Vest
  • Tolking av delegeringsreglement knytt til plan- og bygningslova
  • Avklaring  av politisk delegeringsreglement
  • AS Vinmonopolet - Søknad om fornying av løyve for sal av alkohol gr. 2 og 3
  • Søknad om salsløyve for alkohol - Bunnpris Sartor Senter – Verksemdsoverdraging
  • Plassering av ansvarsområde for likestilling
  • Søknad om fritak frå politiske verv i kommunestyret og råd for menneske med funksjonsnedsetjing
  • Søknad om fritak frå politiske verv i kommunestyret, formannskapet og utval for plan
  • Fritak for politiske verv og suppleringsval
  • ØyVAR - Drøfting i forkant av generalforsamling
  • Val av styre til Øyvar AS - tilråding
  • Val av varamedlem til styret i Visit Bergen
  • Val av representantar til styret i Trigger AS for perioden 2020-2023
  • Val av rerpresentant til årsmøte i Vest brann- og redningsregion 2019-2023
  • Søknad om fritak for verv som meddommar
  • Søknad om fritak for verv som meddommar
  • Søknad om fritak frå verv som meddommar
  • Interpellasjonar og spørsmål

Her er innkalling med saksdokument.

Her kan du sjå møtet på nett-TV.


Tekst og foto: Vigleik Brekke