Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Heidra krigshelten Jakob Strandheim

Mange hadde funne vegen til Fjordparken på Rong laurdag ettermiddag då siste gjenlevande frå Shetlandsgjengen, Jakob Strandheim, skulle heidrast og det skulle avdukast ein minnestein for Strandheim.
- Du kan kvila deg i dag, Jakob, det er deg fullt ut fortent, sa nevøen Øyvind Strandheim i talen til krigshelten.

Oldebarnet til Jakob Strandheim, Maria Kvingedal Strandheim, avduka minnesteinen. - Klikk for stort bileteOldebarnet til Jakob Strandheim, Maria Kvingedal Strandheim, avduka minnesteinen. 

Dei 300 som møtte opp på Rong i dag fekk eit timelangt kulturprogram før sjølve avdukinga av minnesteinen litt lenger sør i parken. Det var barnebarnet til Jakob, Maria Kvingedal Strandheim, som stod for sjølve avdukinga av minnesteinen.

Ordførar Tom Georg sa at mange har kontakta han når det gjeld Shetlands-turane under krigen.

- Ville vi har gjort det same som de gjorde? Ville vi ha ofra alt? Eg trur at vi hadde det. Eg håpar at du og dine tek vare på denne dagen, sa ordføraren.

Både ordføraren og Øyvind Strandheim rosa primus motor for arrangementet, Ottar Vik.

- Utan Ottar hadde ikkje vi hatt dette arrangementet her i dag, sa Tom Georg Indrevik.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Maria Kvingedal Strandheim, Jakob Strandheim og Ottar Vik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Maria Kvingedal Strandheim, Jakob Strandheim og Ottar Vik. 

11 karar drog av garde til Shetland

Hovudtalar denne dagen var nevøen til Jakob, Øyvind Strandheim. Han tok oss tilbake til 80 år pluss 10 dagar sidan, den 5. oktober 1941.

- Då løyste ein trossa, og skøyta Skjergard la frå Toftekaien med 11 karar ombord. 20 timar seinare var dei på Shetland. Dei reiste vidare til Lerwick, via Skottland til London. Mange av dei 11 vart etter kvart med som mannskap i den norske handelsflåten og reiste over Atlanterhavet og Stillehavet. Jakob, som hadde kystskippersertifikat, vart knytt til Shetlandsgjengen, sa Strandheim.

Med Shetlandsfarten fekk ein frakta agentar, flyktningar og våpen. Mange av mannskapa kom aldri heim i den perioden det vart brukt skøyter. I 1943 tok ein i bruk dei langt raskare Shetlandsbussane Hitra, Vigra og Hessa. Desse utbåtjagarane gjekk mellom Noreg og Shetland fram til krigen tok slutt i 1945 utan at liv gjekk tapt.  

Jakob Strandheim ser ned på KNM Hitra som hadde lagt til ved båthamna. - Klikk for stort bileteJakob Strandheim ser ned på KNM Hitra som hadde lagt til ved båthamna. 

Heltar kom heim

Øyvind Strandheim er stolt av onkelen sin som no er 101 og eit halvt år.

- Då Hitra kom til Bergen i 1945, vart mannskapane tekne imot som heltar. Etterpå var det fest på bedehuset på Torsvik, eller Tøssvikja, som Øyvind Strandheim sa.   

Orlogskaptein Lasse Hiis Bergh sa at Jakob Strandheim kom med i Linge-gjengen og så sendt til Shetlandsgjengen.

- Du er den som har flest turar til Shetland med skøytene Aksel og Andholmen i tillegg til Hitra. For eit mot og for ein offervilje de hadde. Kampen vart krona med siger. Dette minner oss om at vi ikkje må ta fridomen for gitt, sa Hiis Bergen.

Sonen til Jakob Strandheim, Truls Strandheim, takka for alle som møtte opp, Øygarden kommune, Sjøforsvaret og Ottar Vik for arrangementet.

Under arrangementet var det mykje song og musikk. Dei som deltok med dette var Roy Vorland, Olaug Alvheim, Trygve Hellesen med band, Gospelteens, Tor Erik Rong og Kor i Øygarden. Sjøforsvaret deltok med KNM Hitra og mannskap.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Roy Vorland og Olaug Alvheim. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete