Havvindparkprosjekt kan gje ekstra kraft til bergensregionen
Equinor og partnarar utgreiar 1 GW havvindpark utanfor Bergen. Partnarane har starta ein studie og ser på moglegheiten for flytande havvindpark i Troll-området om lag 65 kilometer vest for Kollsnes.
- Dette kan bidra til å betra kraftforsyninga i bergensområdet, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Kollsnesanlegget
I ei pressemelding opplyser Equinor at med ein kapasitet på om lag 1 GW og årsproduksjon på 4,3 TWh og oppstart i 2027, kan Trollvind forsyna via eit samband på land, det meste av behovet for kraft til å driva Troll- og Osebergfelta. Kraft frå Trollvind kan avhjelpa kraftbehovet til elektrisifisering av olje- og gassinstallasjonar, framskunda havvindsatsinga i Noreg og levera ekstra kraft til bergensregionen.
Partane ser på kommersielle modellar der Trollvind sel kraft til Troll- og Oseberg- installasjonane og Kollsnesanlegget utan anna form for finansiell støtte. Partnarane til Equinor er Petoro, TotalEnergies, Shell og ConocoPhillips i Troll- og Osebergfelta.
- Dette er svært positivt. Vi forventar at sentrale styresmakter gjer det dei kan for å sikra prosjektet. Prosjektet kan på mellomlang sikt bidra til å betra kraftforsyninga i bergensområdet og utvikla nye grøne arbeidsplassar i regionen, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Gamle Øygarden kommune
Publisert 17.06.2022 09.18