Har tildelt kontrakt på ein kvart milliard
Statnett tildeler Iljin Electric kontrakt på Øygardskabelen 2.
Mr. Sang Seok You, Director Cable Division Iljin Electric Co. Ltd og Elisabeth Vike Vardheim, konserndirektør for Nett i Statnett, signerte kontrakten
Kontrakten inkluderer prosjektering, produksjon og installering av eit nytt 15 kilometer langt jordkabelanlegg mellom Solsvika og Blomøyna. Kontrakten har ein verdi på om lag 250 millionar kroner.
- Vi er glade for at vi har fått på plass kontrakten med Iljin Electric. Øygardskabelen 2 er ein av dei første viktige brikkene som må på plass for å leggja til rette for bedrifter som ventar på tilknyting til strømnettet langs kysten i regionen, seier konserndirektør for Nett i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim.
Det er LOS Cable Solutions med hovudkontor i Bømlo som skal utføra installasjonsarbeidet, som underleverandør til det sør-koreanske selskapet Iljin Electric. Statnett planlegg å leggja kontrakt for bygg- og anleggsarbeider for prosjektet ut på anbod våren 2023.
Les meir på nettsida til Statnett.
Publisert 13.03.2023 10.27