Har forskjønna området ved Foldnes kyrkje

- Til våren vil vi sjå dette bløma. Det seier Kari Vatne i Sotra Hagelag om blomsterbedet som er rydda opp ved amfiet ved Foldnes kyrkje.

Ordførar Tom Georg Indrevik og Kari Vatne i Sotra Hagelag. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og Kari Vatne i Sotra Hagelag.


Gode hjelparar som Sparebanken Vest, Fana Sparebank og kommunen har bidrege med pengar til prosjektet som har resultert i at området framfor amfiet er gjort vakrare. Nærmiljø Hage og Anlegg AS har gjennomført arbeidet i tillegg til dugnad frå hagelaget.

- Her var dårleg drenering og det rann inn vatn på plenen. Det er fylt jord over ei grøft der jorda hadde sige ned, og det har kome på plass to nye dreneringskummar, seier Kari Vatne som har vore leiar i styret dei siste åra. No har Tone Reigstad Squibb teke over leiarvervet.


Bedet framfor amfiet var heilt gjengrodd. No er det fylt med ny jord, og hardføre planter er sett ned. Løkar er lagt i jord, og til våren står plantene i full bløming. Det er også lagt ned nye kantsteinar og singel i stien fram til amfiet og rundt bedet.

- For å unngå parkering på plenen, er det plassert 35 stabbesteinar langs ytterkanten av plenen. Dette er eit område som er mykje brukt av folk. Også barnehagebarna er ofte her, seier Kari Vatne.

Ordførar Tom Georg Indrevik fekk æra av å så frø på området der plenen er friska opp. Han rosar initiativet med å forskjønna området ved amfiet.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kari Vatne og Vigleik Brekke

Her er fleire foto:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete