Har du lyst å spela fotball?

Fotball - Klikk for stort bilete Kjenner du nokon som har lyst å spela fotball, men ikkje finn seg til rette på eit ordinært lag?
Sotra United sitt barnelag er eit tilrettelagt fotballag for jenter og gutar i alderen 6 - 15 år.

Fotballaget er tilrettelagt for dei som ikkje finn seg til rette på ordinære lag eller som har nedsett funksjonsevne. Sotra United deltek i stjerneserien, som Hordaland fotballkrets sitt serietilbod for menneske med nedsett funksjonsevne. Stjerneserien vert arrangert tre gonger i halvåret der det vert spelt på treer-bane mot andre barnelag.

Treninga startar opp igjen mandag 20. august  kl. 18.00 - 19.00 i Sotrahallen.
Håpar å sjå deg der!

Les meir på heimesida til Sotra United.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 03.08.2018
Fann du det du leita etter?