Har du innspel til nyskapande aktivitetsarenaer

illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete

Kulturdepartementet oppretter ein ny tilskotsordning finansiert av spelemidlane til idrettsføremål for å bidra til etablering av nye typar anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Føremålet med ordninga er å stimulere kommunar til kreativitet og nytenkning når det gjeld utforming av anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet.

For å kunne få støtte frå denne tilskotsordninga må anlegget innehelde vesentlege element av nyskaping. Departementet understrekar betydninga av at relevante brukergrupper vert involvert i utforming og plassering av anlegget.

Tilskotsordninga er eit prøveprosjekt over tre år, og det vert tatt sikte på å sette av til saman 100 millionar kroner. For 2017 er det sett av 35 millionar kroner.

Nærare informasjon om tilskotssatsar og søkevilkår går fram av kriterier for tilskuddsordninga (PDF, 265 kB).

Har du innspel til slik nyskaping ber vi om du sender e-post til kommunen til postmottak@oygarden.kommune.no Merk e-posten med "Innspel til tilskotsordning nyskapande aktivitetsarenaer". Kommunen vil senda ein samla søknad til departementet.

Frist for innspel er sett til 4. juni 2017.

Kulturavdelinga Her finn du kontaktinformasjon til tilsette i kulturkontoret.
Kulturavdelinga
NamnStillingE-postTelefon
Christel Møvik-OlsenKulturleiarE-post56385415/ 986 37225
Liv Edel MikkelsenKulturkonsulent / Leiar Frivilligsentralen 50%E-post56385414/ 986 55190
Henrik AngermundLeiar Frivilligsentralen 50%E-post56385406/ 904 15 771
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 12.05.2017
Fann du det du leita etter?