Handballgutane møter toppnasjonar i Øygarden i november
2. – 5. november skal det spelast seks internasjonale handballkampar i Sotra Arena der det norske landslaget er eitt av laga. Gjensidige Cup er ei Golden League-turnering med fire internasjonale topplag; Danmark, Nederland, Spania og Noreg.
I november vert det internasjonal handball i toppklasse i Sotra Arena. Frå venstre; kulturleiar Christel-Møvik Olsen, kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal, Trygve Johnsen (prosjektleiar arrangement Handballforbundet), ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar i Sotra Sportsklubb Dan Christensen og Trine Skarstein Dalland (dagleg leiar i Handballforbundet, region vest).
Ordførar Tom Georg Indrevik seier at Øygarden er klare for å ta imot Danmark som regjerande verdsmeister i handball og dei andre topplaga.
- Vi er kjempeglade for at Håndballforbundet nok ein gong vil bruka storstova vår til attraktive internasjonale kampar. Tilbakemeldingane frå handballmiljøet er at Sotra Arena er ein framifrå flott hall for slike kampar. Vi veit at Sotra Sportsklubb vil leggja ned ein enorm frivillig innsats for å få dette til. Fleire hundre frivillige vil vera i aksjon den første veka november seier ordføraren.
Det er slett ikkje første gong det er toppkampar i Sotra Arena. Sidan hallen vart opna i 2013 er det spelt rundt 20 internasjonale handballkampar i hallen
Seksjonsleiar for spel og trening i Handballforbundet, Trygve Johnsen, seier at når Handballforbundet nok en gang vel å leggja eit slik arrangement til Øygarden er det noko ein kan vera stilte av. Han seier at det alltid er ei gleda for Handballforbundet å gjesta Øygarden kommune og Sotra Arena. Både kommunen og idretten tek vertskapsrolla på alvor og legg til rette på ein glimrande måte.
- Det berre viser at vi har gjort ein god jobb tidlegare og at både lag og forbund er nøgd med både anlegg og publikum. Med eit herrelandslag i verdstoppen, og besøkt av tre andre herrelandslag på det høgaste internasjonale nivået, håpar vi dette vert ei strålande festhelg for handballen, seier Trygve Johnsen.
Kampoppsett for Gjensidige Cup 2023:
Torsdag 2. november
Spania–Nederland, Norge–Danmark
Laurdag 4. november
Danmark–Spania, Norge–Nederland
Sundag 5. november
Nederland–Danmark, Norge–Spania
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 12.03.2023 19.31