Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Gult nivå på skular og barnehagar i neste veke

Øygarden kommune held fram med gult tiltaksnivå i barnehage og skule i komande veke (til og med 23. januar). I løpet av neste veke vil kommunen ta stilling til kva nivå det skal vera frå veke fire.

Ill.

Frå og med 15. januar er det ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på gult i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO. Det er nasjonal tilråding om gult nivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular der smittesituasjonen lokalt tilseier det, men kommunane må gjera eigne vurderingar etter den lokale situasjonen.

Smittevernlege Bjørg Møllerløkken seier at det mykje smitte blant barn og unge i Øygarden.

- Avgjerda om å halda fram med gult tiltaksnivå også i neste veke er mellom anna basert på smittesituasjonen i kommunen. Vi må også leggja til rette for effektiv distribusjon av testar ettersom testing skal få ein større plass i handteringa framover, seier ho. Avgjerda er teken med heimel i smittevernlova.

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, er glad for at smittevernnivået vert sett til gult også neste veke.

- Vi får då litt meir erfaring med korleis smitten utviklar seg. Stadige nivåskifte er tungt å drifta, seier ho.

Øygarden kommune følgjer den nasjonale tilrådinga om grønt nivå for vidaregåande skular  og vaksenopplæringa.

Det er påvist 63 smittetilfelle av koronaviruset i Øygarden i dag, 14. januar. Så langt denne veka (måndag – fredag) er det påvist 203 smittetilfelle i kommunen.
 

Tekst: Vigleik Brekke