Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Gratis sykkelservice på Sotraplassen

Treng du å få justert bremsa og giret, eller kanskje å få smurt kjeda? Då kan du møta opp på Basecamp på Straume i tida 16. til 22. september. Dette er eitt av tiltaka knytt til at Mobilitetsveka kjem til Øygarden. 

Frå tidlegare kampanje. - Klikk for stort bileteFrå tidlegare kampanje.  

I år er Øygarden kommune blitt ein del av byvekstavtalen for bergensområdet. I samband med dette vert Mobilitetsveka 2020 markert på Sotraplassen torsdag 17. september kl. 14.00 - 17.00. Her vert det gratis sykkelservice i regi av Øygarden-bedrifta Basecamp, der proffe mekanikarar utfører enkel service heilt gratis. Heilt fram til 22. september tilbyr Basecamp Repro gratis sykkelservice.

Miljøløftet kjem også til å dela ut handsprit og andre smågåver som hjelper deg til å få ei trygg reise. Dagleg leiar i Basecamp, Jon Andreas Tjentland understrekar at det er snakk om enkel service, ikkje reparasjonar.

- Vi ønskjer alle velkomne til å ta ein enkel service på sykkelen. Vi justerer gir og bremsar, smører kjede og drivverk og sjekkar lufttrykket på dekka, seier dagleg leiar i Basecamp, Jon Andreas Tjentland

Ein del av Europeisk mobilitetsveke

Europeisk mobilitetsveke vert arrangert 16.-22. september over heile Europa, og meir enn 2 300 byar og tettstader deltek i 2020. Dette er dermed den største kampanjen for miljøvennlig transport i Europa.  I 2020 er hovudbodskapen "Utsleppsfri mobilitet for alle" med slagordet "Gjer ditt val!". Temaet fokuserer på å fremja utsleppsfri mobilitet for byar og tettstader og universell utforming. Det inkluderer kollektivtransport, delt mobilitet, gåing og sykling, men også elektriske køyretøy og alternative drivstoff.

Målet med kampanjen i 2020 er auka bevisstheit om bruk av nullutsleppsteknologi, som er eit viktig verkemiddel for å nå våre klimagassforpliktingar. Alle skal ha rett til å bevega seg på ein berekraftig måte, uansett inntekt, kjønn, opphav, alder og funksjonsevne.

- Det er godt for miljøet at vi syklar meir. Då treng vi gode og sikre syklar. Difor oppmodar eg alle til å nytta seg av tilbodet frå Basecamp Repro om å ta ein enkel service på sykkelen, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Mobilitetsveka i bergensområdet er fylt med ulike aktivitetar kvar dag.

Sjekk programmet på Miljøløftet.no og finn dei arrangementa som passar for deg. Alle aktivitetane er utandørs og vert gjennomførte på ein smittevernforsvarleg måte.

 

Foto: Vigleik Brekke