Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991 eller seinare

hpvrokote.jpg - Klikk for stort bilete Alle kvinner født 1991 eller seinare får hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram.

Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksinen anbefalast til unge kvinner for å forebyggje livmorhalskreft og forstadiar til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. 

HPV-infeksjonen er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg, og går over av seg sjølv, men nokre få får ein vedvarende infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65-100 dør av sjukdomen. Vaksinen kan gi beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksinen har vært ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Fra hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd 1991 eller seinare og få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig, og varar i ein to-års periode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 mnd, og må difor startast opp seinest innan utgangen av 2018.

Kvinner i Øygarden som er i målgruppa kan komme til helsestasjonen 21.11.16 kl 12-15.00 for å få den første vaksina. Ta kontakt på monica.ronhovde@oygarden.kommune.no dersom du vil avtale anna tidspunkt for vaksinering.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine:

www.fhi.no/hpv-vaksine

Helsestasjonen Her finn du kontaktinformasjon om Helsestasjonen
Helsestasjonen
NamnStillingE-postTelefon
Bente GuntveitFagleiar helsestasjonE-post56 38 54 41 / 954 36 342
Hilde Aadland HelsesøsterE-post56 38 54 57
Kate SolsvikHelsesøsterE-post56 38 54 59 / 992 16 102
Gro Hege KnutsenHelsesøsterE-post56 38 54 61
Julie H. HitsøyJordmorE-post56 38 54 60
Tord PedersenUngdoms LOSE-post992 16 123
Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 04.11.2016
Fann du det du leita etter?