Gode ambassadørar for lærlingane

Ni av lærlingane i Øygarden kommune dreiv aktivt rekrutteringsarbeid tysdag kveld. Over tusen personar var innom Yrkesmessa i Sotra Arena, og lærlingane i kommunen fekk kontakt med mange ungdomar som i desse dagane grublar på kva dei skal bli.

Frå venstre; Mariell Lygre, Sima Vikanyte, Evelyn Persson , Martin Olsen Torsvik, Mathias Aadland, Tonje Rørnes og Tom Georg Indrevik  - Klikk for stort bileteLærlingane saman med lærlingkoordinatoren og ordføraren. Frå venstre; Mariell Lygre, Sima Vikanyte, Evelyn Persson , Martin Olsen Torsvik, Mathias Aadland, Tonje Rørnes og Tom Georg Indrevik Vigleik Brekke    

Det er 10. klassingane på ungdomssteget som er hovudmålgruppa for arrangøren av Yrkesmessa, Sotra Rotaryklubb. Matias Svellingen som er barne- og ungdomsarbeidarlærling på Ulveset skule er mellom dei som meir enn gjerne reklamerer for lærlingane.

- Eg trivst godt som lærling på Ulveset. Ettersom eg er såpass ung, kjem eg kanskje ekstra godt i kontakt med elevane. Eg har gjerne dei same interessene også, seier Matias som bur på Hammersland.

Isabell Hagenes bur på Spjeld  og er barne- og ungdomsarbeidar på Hamremyra barnehage.

- Eg likar meg godt. Eg kjem alltid før arbeidstida startar, seier Isabell og tek det som eit teikn på at ho trivst som lærling.

Rine Osland er lærling på somatisk avdeling på Fjell sjukeheim. Ho opplever også at det er lærerikt å vera lærling.

Matias Svellingen, Rine Osland, Martin Fjeldstad og Isabell Hagenes i prat med Tranevågen-elevar.  - Klikk for stort bileteMatias Svellingen, Rine Osland, Martin Fjeldstad og Isabell Hagenes i prat med Tranevågen-elevar. Vigleik Brekke   
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Ordførar Tom Georg Indrevik var også innom standen til lærlingane. President i Sotra Rotaryklubb ønskte den store forsamlinga velkomen og kunne fortelja at dette er 33. gongen Yrkesmessa vert arrangert. I forkant av messa har klubben sendt ut eit magasin for jobb og utdanning til innbyggjarane i Øygarden kommune.

- Eg håpar de har brukt tid på å lesa magasinet og blitt oppdatert på alle moglegheitene de no har når viktige val for framtida skal gjerast. Vi håpar at du har fått inspirasjon og motivasjon til å starta på eit studium som bringer deg nærare det yrket du ønskjer skal vera ditt i framtida, sa presidenten.

Sotra Rotaryklubb hadde også konkurranse med trekning av Ipad 11 Pro. Den heldige vinnaren var Ask Johan Einen som går på Fjell ungdomsskule. Han har allereie avgjort at han skal verta fiskar. Det var president Anja Solli som delte ut premien.

Tekst: Vigleik Brekke

Anja Solli og Ask Johan Einen - Klikk for stort bileteAnja Solli og Ask Johan Einen Ove Foldnes