Aktuell informasjon

God kapasitet til vaksinering

Denne veka vart den oppdaterte koronavaksinasjonen (BA.1) teken i bruk i Øygarden.
- Det er framleis god kapasitet til å vaksinera seg her på Røde Kors-huset, seier personalleiar for vaksinering, Elise Bergsagel.

- Vi har god kapasitet, seier Elise Bergshagel - Klikk for stort bilete- Vi har god kapasitet, seier Elise Bergshagel 

Etter at det kom melding om oppdatert vaksinetype, nytta mange seg av tilbodet om å utsetja timen. No er det altså den nye typen vaksine som vert nytta. Den nye vaksinen vernar like godt mot alvorleg sjukdom som den opphavlege vaksinen, men gjev samstundes betre immunrespons mot Omikron (BA.1). 

- Øygarden nyttar til ei kvar tid oppdaterte vaksinetypar, seier smittevernlege Bjørg Møllerløkken som forventar at smitten kan svinga utover vinteren.

Alle personar som er 65 år og eldre vert tilrådd å ta oppfriskingsdose. Tilbodet gjeld også personar i alderen 12 til 17 år med alvorleg grunnsjukdom og risikogrupper i alderen 18 til 64 år.

Elise Bergsagel oppmodar alle som melde seg av oppsett time då det kom melding om ny vaksinetype, om å bestilla ny time. 

- Det er kapasitet til å vaksinera om lag 80 personar dagleg i lokala på Røde Kors-huset. Du kan bestilla time via nettsida til Øygarden kommune eller ringja koronatelefonen 56 16 00 10 – tast 2, seier ho. 

Her finn du informasjon om vaksinasjon og korleis du kan bestilla time.

Viktig å ta vaksine

Ein av dei som nytta seg av vaksinasjonstilbodet på fredag denne veka, var 65 år gamle Rolf Magne Skålevik.

- Eg fekk SMS for ei stund sidan om at den nye vaksinetypen var på veg. Eg valde å utsetja vaksinering til den nye typen var på plass. Eg no tatt fire vaksinar og har vore spart for å verta sjuk. Det er viktig at vi tek imot tilbodet om å ta vaksine. På arbeidsplassen min har vi vore nøye med å følgja smittevernråda, seier Skålevik som til dagleg arbeider på Straume.

Rolf Magne Skålevik har no teke den fjerde vaksinedosen. 

Røde Kors-huset ligg i Blombakkane 17 i helseområdet på Straume. Det er god plass til parkering på nedsida av lokalet. Køyr rundt svingen før du køyrer inn. Inngang til vaksinasjonslokalet er i andre etasje.

Røde Kors-huset ligg i helseområdet på Straume. - Klikk for stort bileteRøde Kors-huset ligg i helseområdet på Straume. 

 

 

 

 

 




Tekst og foto: Vigleik Brekke