God erfaring med verksemdstyring

Erfaringa med verksemdstyring i Øygarden er god og nyttig. Det er oppsummeringa frå kommunedirektøren og kommunalsjefane etter at dei samtalte om dette verktøyet i plenum på ein prioriteringskonferanse for alle leiarane tysdag.

Frå venstre; kommunedirektør Johnny Breivik, kommunalsjef for finans og økonomi, Anne Erdal, kommunalsjef for Oppvekst, Marieus Flesland Sylta, kommunalsjef for Organisasjon og samfunnssikkerheit, Anne-Merete Vabø Haugane, kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal, og assisterande kommunalsjef for Helse og velferd, Tove Helleland. - Klikk for stort bileteFrå venstre; kommunedirektør Johnny Breivik, kommunalsjef for finans og økonomi, Anne Erdal, kommunalsjef for Oppvekst, Marius Flesland Sylta, kommunalsjef for Organisasjon og samfunnssikkerheit, Anne-Merete Vabø Haugane, kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal, og assisterande kommunalsjef for Helse og velferd, Tove Helleland.

Verksemdstyring skal bidra til å setja i verk politiske og administrative vedtak, prioriteringar og mål. Verktøyet skal også gje best mogleg resultat og kvalitet i tenestene, lik og samordna styring mellom og innan tenesteområda, etterleving av lover og forskrifter og effektiv ressursutnytting.

Kommunalsjef for finans og økonomi, Anne Erdal, vedgjekk at namnet kanskje ikkje er det mest spennande, men at verktøyet er viktig for organisasjonen.

- Vi har fått skryt i kommunestyret. Vi har makta å gje politikarane det dei har ønskt når det gjeld oppfølging av verbalvedtak. Det er godt samarbeid med einingane når det gjeld bruk av verksemdstyring, sa Erdal.

Kommunalsjef Marius Flesland Sylta meinte at verksemdstyringsverktøyet bidreg til at ein ikkje dobbeltrapporterer og finn balanse mellom sentrale føringar og lokale politiske forventningar.

- Dette er eit godt verktøy, men vi bør ikkje ha for mange oppgåver samstundes, sa han.

Assisterande kommunalsjef for Helse og velferd, Tove Helleland, sa at verksemdstyring gjer oss føreseieleg.

- Helse og velferd er tryggleiksrelatert frå vogge til grav. Leiarane er omstillingsdyktige, brenn for oppgåvene og finn løysingar. Vi må alle koma ut av komfortsona, sa Helleland.

Felles forankring

- Korleis kan vi bruka verksemdstyring til betre å einast om felles mål og utvikling, var spørsmålet kommunedirektør Johnny Breivik stilte til kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal.

- Verksemdstyring skapar felles forankring og forståing. Gjennom kvartalsrapportar får vi synleggjort utviklingstrekk og kva vi har jobba med. Dette skapar handlingsrom, sa Haukedal som også understreka at ein må skapa god kommunikasjon, samhandling og dialog med næringslivet.

Kommunalsjef for Organisasjon og samfunnssikkerheit, Anne Merete Vabø Haugane, minna om at kommunen er ein politisk styrt organisasjon.

- Verksemdstyring sikrar dette. Vi gjev politikarane innsyn i at ei enkel bestilling involverer mange einingar i organisasjonen. Det er lett å prioritera opp, men vanskelegare å prioritera ned, sa ho.

Budsjettprosess

Prioriteringskonferansen er ein del av budsjettprosessen. I etterkant av drøftinga av verksemdstyring i plenum var det arbeid i grupper der prioriteringar i budsjett og økonomiplan var tema.

Formannskapet har strategikonferanse om budsjett og økonomiplan i juni. Vidare vert det arbeidd med dette administrativt i einingane. I september er det ny prioriteringskonferanse for leiarane. Kommunedirektøren presenterer budsjettframlegg og økonomiplan den 2. november. Kommunestyret vedtek budsjettet den 21. desember.


Tekst og foto: Vigleik Brekke