God deltaking på kurs i depresjonsmeistring

Rask psykisk helsehjelp har i vår gjennomført eit seks veker langt nettkurs (online) i meistring av depresjon, stress og belastning. 12 av 15 deltakarar (80 prosent) fullførte kurset.
- Dette er vi svært godt nøgde med, seier kommunepsykolog Karina Harkestad.

Karina Harkestad - Klikk for stort bileteKarina Harkestad 

Vanlegvis er dette kurs med fysisk oppmøte. Koronaviruset gjorde sitt til at kurshaldarane måtte tenkja nytt. Då vart nettkurs på videoplattforma Whereby løysinga.

- Dette er eit kurs for dei som har lette eller moderate psykiske vanskar. Kurset varierer mellom foredrag, øvingar og heimeoppgåver. I grunnen har alle nytte av eit slikt kurs, seier Harkestad.

Einingsleiar for rus og psykisk helse sone Straume, Therese Helgesen, seier til nettsida til Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) at etter koronautbrotet gav leiinga høve til å starta opp individualbehandling  på Whereby. Dette har vore glimrande gjennomført, seier ho.

Ifølgje Karina Harkestad er deltakarane på nettkurset minst like engasjert som ved fysisk frammøte. I dialogen på kurset kunne deltakarane velja mellom å ta ordet eller kommunisera via chat.

- Vi planlegg to nye kurs til hausten. Det er ikkje teke endeleg stilling til i kor stor grad ein skal nytta digital plattform ved gjennomføringa av kursa, seier Harkestad.

Ho viser også til at i evalueringa gjev deltakarane gode tilbakemeldingar på måten kurset vart gjennomført på denne våren.

Les artikkelen på nettsida til NAPA her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke