Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Gler seg over dugnadsinnstillinga

Det starta med festdagar med storstilt opning av den nye kommunen. Etter to månader måtte ordførar Tom Georg Indrevik leia kommunen gjennom ein krevjande periode med koronavirus.
- Eg er imponert og takksam for at folk stod saman og viste stor dugnadsvilje, seier ordføraren den siste arbeidsdagen før ferien.

Ordførar Tom Georg Indrevik skal helst nytta fritidsklede og fjellutstyr denne ferien. Den norske fjellheimen ventar..... - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik skal for det meste nytta fritidsklede og fjellutstyr denne ferien. Den norske fjellheimen ventar.....  


 

Tom Georg Indrevik ser med glede tilbake på starten av den nye kommunen. Det vart ei festveke han vil hugsa lenge.

- Vi starta med storstilt markering på nyttårsaftan. Sidan gjekk det slag i slag med nyttårskonsert, korslag og felles gudsteneste. Når festveka var over, var vi oppteken av å ta fatt på utfordringane med å byggja den nye kommunen. Så kom den 12. mars og Noreg vart stengt ned, seier ordføraren som dermed måtte tenkja på heilt andre ting saman med resten av kommuneleiinga; politisk og administrativt.

Stengde Noreg ned

Den 12. mars og dagane som følgde kunngjorde regjeringa dei mest dramatiske samfunnsinngrepa sidan krigen. Dette fekk naturleg nok store konsekvensar også for Øygarden kommune.

- Eg er utruleg imponert og takksam for at politikarar, dei tilsette i kommunen og innbyggjarane stod saman i denne krevjande tida. Dei tilsette snudde seg rundt, tok ansvar og viste stor gjennomføringsevne. Eg vågar å seia at vi lukkast med dette saman, seier Indrevik.

Han viser til at det vart teke viktige og inngripande avgjerder og nemner etablering pandemilegevakt på Sotra Arena og koronaavdeling på Øygarden lokalmedisinske senter som døme på dette.

- Dugnadsinnstillinga var stor både blant tilsette og innbyggjarane. Det har også vore viktig å ha god politisk forankring i dette beredskapsarbeidet, seier ordføraren. Han minner også om at det framleis kan oppstå utbrot av viruset og at vi difor må vera nøye med å følgja smittevernråda.

Spennande haust

Tom Georg Indrevik ser fram til ein spennande haust der viktige prosjekt for regionen skal utviklast vidare og viktige avgjerder skal takast. Han tenkjer på arbeidet med godshamn på Ågotnes og karbonfangst.

- Eg har stor forventning til at regjeringa finn pengar på statsbudsjettet slik at prosjektet med fangst og lagring av CO2 vert realisert.

Han er også oppteken av at arbeidet med tiltakspakken for næringslivet held fram med full styrke.

- Eg håpar at folk framleis er medvitne om å nytta lokale aktørar. Dette er viktig både for næringslivet, kommunen og den enkelte som treng ein jobb å gå til. I kommunen må vi halda fram med å byggja kulturen i organisasjonen. Viktige overordna politiske saker er arbeidet med planstrategien og å starta opp planprogrammet for samfunnsdelen i kommuneplanen, seier Indrevik.

I dag er siste dag før tre veker med ferie for ordføraren. Planen var å reisa til Italia. Det vert det ikkje noko av.

- Vi har mykje flott å oppleva i heimlandet. Mykje av ferien vert i den norske fjellheimen, seier Tom Georg Indrevik og ramsar opp reisemål som Voss, Sogndal, Balestrand, Stryn, Geiranger og litt av Austlandet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke