Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Gjev tilbod om oppfriskingsdose

Regjeringa har avgjort at alle over 65 år skal få tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie - Klikk for stort bileteHelse- og omsorgsminister Bent Høie 

Folkehelseinstituttet (FHI) har fått oppdrag om å vurdera om også helsepersonell skal få tilbod om oppfriskingsdose. Det europeiske legemiddelbyrået (EMA) har konkludert med at ein kan vurdera å gje boosterdose til personar frå 18 år når det har gått minst seks månader etter dose to.

- Målet med ein oppfriskingsdose til eldre er å auka vernet mot å verta alvorleg sjuk av covid-19, og å gje høgare grad av vern mot nye virusvariantar og forlenga vern, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Smittevernlege Jens Eikås seier at Øygarden startar opp med vaksinasjon av sjukeheimsbebuarar i dag.

FHI tilrår at rekkefølgja for vaksinering med oppfriskingsdose følgjer den same aldersprioriteringa som ved grunnvaksinasjonen. Det vil seia at sjukeheimsbebuarar og alle over 85 år får tilbod først, deretter aldersgruppene 75-84 år og så 65-74 år.

Dersom kommunane har utfordringar med kapasiteten når dei samstundes skal vaksinera mot sesonginfluensa i dei neste vekene, skal dei prioritera etter denne rekkefølgja:

  1. Første dose til uvaksinerte
  2. Andre dose til dei som berre er vaksinerte med eín dose
  3. Tredje dose til immunsupprimerte
  4. Sesonginfluensavaksine
  5. Oppfriskningsdose til sjukeheimsbebuarar og alle over 65 år

Les pressemelding frå regjeringa her.