Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Gjev dispensasjon for turveg på Liaskjeret

Utval for plan vedtok i dag samrøystes å godkjenna søknad om dispensasjon for etablering av turveg på Liaskjeret (gbnr. 49/2 m. fleire). Utvalet godkjende også at ein kan starta arbeidet med reguleringsplan for Haugaseto, Kåravika.

Bilete av bygd veg, Liaskjeret (des. 2020). - Klikk for stort bileteBilete av bygd veg, Liaskjeret (des. 2020). 

 

Utvalet seier i vedtaket, som vart fremja som fellesframlegg, at det finn heilt klart at fordelane ved dispensasjon vil vera klart større enn ulempene. Utvalet viser til fleire fordelar ved å gje dispensasjon. Det er mellom anna at tiltaket vil leggja til rette for betre moglegheiter for friluftsliv og stetta opp under satsing på betre folkehelse og livskvalitet for innbyggjarane i kommunen. Tiltaket vil gje bygdene på strekninga Døsjo-Liaskjeret betre tilbod for nærturar i området og bidra til auka aktivitet, attraktivitet og levande bygder.

Det er lagt inn fleire vilkår for dispensasjon. Ved gjennomføring av tiltaket skal det leggjast vekt på at terrenginngrepa vert utført skånsamt mot terreng og natur, slik det går fram av søknaden. Den naturlege vegetasjonen skal vernast i så stor grad som mogleg. Det må ikkje tilførast massar som kan innehalda svartelista/uønskte arter. Ved eventuelle funn av kulturminne skal kulturminneavdelinga hjå Vestland Fylkeskommune varslast.

Kommunedirektøren tilrådde å gje avslag på søknaden om dispensasjon og grunngav det med at dette tiltaket må reknast som eit større byggje anleggstiltak som utløyser krav om reguleringsplan.

Gjev løyve til å starta arbeid med regulering for Haugaseto

Utvalet vedtok med sju mot fire røyster (Ap, SV og Sp) å gje løyve til at det vert starta opp arbeid med detaljregulering for Haugaseto, Kåravika. Omreguleringa og detaljreguleringa gjeld det området som vist i saka.

I vedtaket som vart fatta med røystene til Høgre, Frp, KrF og Sotralista heiter det mellom anna at området er eitt av de områda i gamle Sund kommune som ein meinte burde leggjast til rette for utbygging ettersom det kom ny skule og barnehage i området. Under arbeidet til ny kommuneplan for gamle Sund kommune var dette eitt av de områda som var sett av til bustadbygging og som heller ikkje hadde innvendingar den tid kommuneplanen for Sund låg ute til høyring.

Mindretalet røysta for tilrådinga frå kommunedirektøren om ikkje å gje løyve til å starta arbeid med regulering.

Til vedtaket vert det lagt ved ein protokollmerknad frå Arbeidarpartiet. Der heiter det at planutvalet ser positivt på planinitiativet og meiner området er godt eigna for vidare utvikling. Men for å sikra heilskapleg utvikling av området meiner planutvalet at det må utarbeidast ein ny KPA (kommunedelplan eller arealdel til kommuneplanen?).

Klagesaker

Utvalet skal behandla åtte klagesaker.

Tekst: Vigleik Brekke