Gjennomfører driftstiltak for 2020Lytt til tekstenStopp avspillingSom oppfølging av kommunestyrevedtak i september, har rådmannen lagt fram sak for formannskapet om driftstiltak som skal bidra til å bringa balanse mellom inntekter og utgifter for 2020. Formannskapet behandlar saka den 20. oktober. Arkivfoto I saka viser kommunedirektøren til rapporten for 2. kvartal som viser eit negativt netto driftsresultat på om lag 50 millionar kroner for heile året. Tiltak som er sette i verk har gjeve effekt, men inntektsutjamninga og havbruksfondet vert redusert med om lag 14 millionar kroner i forhold til budsjettet. Med unnatak av nødvendig drift innan oppvekst, helse og velferd, vert alle stillingar sette på vent ut 2020. Dette kan gje ei innsparing på to-tre millionar kroner for resten av året. Det er vidare gjeve melding om innkjøpsstopp i heile organisasjonen. Det er venta at låg pris på straum kan gje kommunen ei innsparing på fem-seks millionar kroner for 2020. Andre tiltak er stopp i ikkje igangsette prosjekt, reorganisering av kommuneadministrasjonen og raskare harmonisering av kostnadsnivået mellom dei ulike tenestestadene. Kommunedirektøren konkluderer med at det kan verta krevjande å oppnå betre resultat enn det prognosen pr. 2. kvartal viser. Kommunedirektøren innstiller på at formannskapet sluttar seg til tiltaka for å redusera underskotet 2020 slik det går fram av saka og ber kommunedirektøren sikra at tiltaka vert gjennomførte og får forventa effekt. Andre saker i formannskapet den 20. oktober Mandat for utarbeiding av eigarskapsmelding for Øygarden kommune Budsjett Øygarden næringsutvikling KF -2020 Partnarskapsavtale Vest Næringsråd - ny behandling Ny skule på vestsida av Sotra - Framlegg til moglegheitsstudie Vurdering - kjøp av meir tomteareal i området rundt teknisk servicebygg i Skogsvåg Status om kortsiktig strategi for pågande digitalisering Møteplan 2021 for utval og nemnder Møtet vert halde i Øygarden rådhus på Straume og tek til klokka 14.00. Møtet vert overført på nett-TV. Her kan du lesa innkalling med saksdokument. Publisert14.10.2020 13.38 Sist endra14.10.2020 14.37