Gjenbruksdag i Øygarden

Gjenbruksdag_2019.png - Klikk for stort bilete Fredag 24. mai frå kl 09.00 til 21.00 er det open gjenbruksdag i Kollsnes næringspark for husstandar og fritidsbustader i Øygarden kommune. For å levere må ein ha med kundekort for renovasjon. Det vert IKKJE mogleg for næringsdrivande å levere avfall.

Mottaket vil vera bemanna av Norsk Gjenvinning AS og personell frå FjellVar.

For å få ei best mogleg gjennomføring på aksjonsdagen ber me om at avfall i størst mogleg grad er sortert på førehand.

Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 15.05.2019
Fann du det du leita etter?