Gav oppdatert informasjon om Nye Øygarden kommune

Det første møtet i fellesnemnda etter ferien var prega av ei rekkje orienteringar. På møtet i dag vart det også gjort eitt politisk vedtak. Det vart valt ni medlemer til valstyre for Nye Øygarden. Valstyret får ansvaret med å gjennomføra kommunevalet i september 2019.

Frå møtet - Klikk for stort bileteFrå møtet

Prosjektrådmann Rune Lid gav ei omfattande orientering om status for arbeidet med å byggja den nye kommunen.  Han avslutta med å visa til at det er eitt år og fire månader igjen til den nye kommunen er ein realitet frå januar 2020.

– Dette vert arbeidskrevjande, men vi er ved godt mot. Dette får vi til, sa Rune Lid.

Han viste først til status for arbeidet med å rekrutterta kommunalsjefar. Ifølgje Lid var det bra interesse for å søkja stillingane då dei vart lyste ut internt. Etter intervjurundar avgjorde tilsetjingsutvala å lysa ut dei fire stillingane eksternt med søknadsfrist 10. oktober.

Overordna styringsgruppe

Prosjektrådmannen presenterte også status for prosjektorganiseringa. Eit viktig organ vert overordna styringsgruppe.

– Denne gruppa vert samansett av rådmennene, delprosjektleiarar, fire hovudtillitsvalde og eitt hovudverneombod. Dette organet vert sjølve hjernen i arbeidet, sa Rune Lid.

Prosjektleiaren orienterte vidare om etablering av nytt NAV-kontor, val av pensjonsleverandør (under etablering), ny matrikkel, fråsegn til budsjett og «skuggebudsjett» til Nye Øygarden kommune 2019, oppfølging av vedtak om eigarskap, retningslinjer for endring av adressenamn, samordning av adressesystem, IKT og innkjøp.

Rune Lid understreka at i arbeidet med å byggja den nye kommunen er det behov for ressursar til ei rekkje prosjekt. Han har hatt god dialog med dei tre rådmennene og fått lovnad om at det vert frigjort folk til å arbeida med Nye Øygarden kommune.

Silvia Haugland og Rune Lid. - Klikk for stort bileteSilvia Haugland og Rune Lid.

 

Projectplace og Stimulab-prosjekt

Trainee-medarbeidar Line Markhus orienterte om prosjektstyringsverktøyet Projectplace. Projectplace er eit brukarvennleg og moderne prosjektstyringsverktøy som gjer det enklare å initiera og gjennomføra prosjekt. I eit så stort prosjekt som Nye Øygarden kommune vil eit slikt verktøy vera viktig for å halda overordna oversikt, sikra framdrift og målet om ny kommune frå januar 2020.

Prosjektleiar Kristina Espeseth informerte om Stimulab-prosjektet «Samordna teneste for utsette barn og unge og deira pårørande, ny teneste i ny samanslått kommune». Målet med dette prosjektet er at innbyggjarane i Nye Øygarden kommune skal oppleva eit heilskapleg  og tilgjengeleg tenesteapparat, som tilbyr koordiner og behovstilpassa hjelp til barn og unge. Det vert lagt vekt på førebygging, tidleg avdekking, oppfølging og at brukaren er i fokus. Dette skal resultera i system for samordning og effektivisering av arbeidsprosessar. I prosjektet skal ein utforska behovet digitale løysingar som legg til rette for samordning og samarbeid mellom ulike aktørar.

Undersøking

Leiar av arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet, Tom Georg Indrevik, orienterte om ei nettbasert undersøking som vart gjennomført like før ferien. Vel 2 300 personar deltok i undersøkinga.

– Mange er stolte over kyst- og strilekulturen. Likevel går det fram av undersøkinga av 32 prosent er urolege for kommunesamanslåinga. Det er ei utfordring for oss og er noko vi må arbeida med, sa Indrevik.

Undersøkinga viser at innbyggjarane også er opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje må verta svekka ved bygging av ein ny kommune. Vi kjem tilbake til ein meir omfattande presentasjon av undersøkinga.

Arbeider med å tilsetja rådmann

Leiar av fellesnemnda, Børge Haugetun, orienterte om arbeidet til leiargruppa, samansett av dei tre ordførarane. Eit tilsetjingsutval, samansett av dei tre ordførarane, Odd Bjarne Skogestad frå fellesnemnda og tre tillitsvalde, har fått oppdraget med å gjennomføra prosessen med å tilsetja rådmann for Nye Øygarden kommune. Søknadsfristen går ut 12. september. Haugetun opplyste det har vore god interesse for stillinga og at fleire aktuelle kandidatane har teke kontakt.

Han viste også til spørsmål som er stilte knytt til journalføring og arkivering. Det vert no lagt til rette for tilgang til journalført post til og frå Nye Øygarden kommune.

Haugetun opplyste at det har vore møte med Hordaland fylkeskommune for å presentera Nye Øygarden sine innspel (jf. vedtak i fellesnemnda 18. juni) til lokalisering av ny vidaregåande skule på Straume/Bildøyna.

Valstyre

Fellesnemnda slutta opp om tilrådinga frå prosjektrådmannen om å velja eit valstyre på ni medlemer som skal ha ansvaret for kommunevalet i 2019. Valstyret vert samansett slik:

Fjell

Marianne Sandahl Bjorøy (leiar)
Tom Georg Indrevik
Anita Garlid Johannessen
Varamedlem: Odd Bjarne Skogestad

Sund

Kari-Anne Landro
Nils Kåre Skoge
Jogeir Sognnæs
Vara: May Elin Limevåg

Øygarden

Børge Haugetun
Espen Harkestad
Ingrid Marie Toft
Vara: Silvia Haugland

Møtet i fellesnemnda i dag var altså i hovudsak prega av informasjon om status i arbeidet med kommunereforma. Fleire av medlemene i fellesnemnda gav uttrykk for at dei var takksame for å verta oppdaterte om status og framdrift.

Tekst: Vigleik  Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå møtet i fellesnemnda:

Børge Haugetun og Jogeir Sognnæs - Klikk for stort bileteBørge Haugetun og Jogeir Sognnæs

 

Nærast kamera; Silvia Haugland og Ernst Einarsen - Klikk for stort bileteNærast kamera; Silvia Haugland og Ernst Einarsen

Tom Georg Indrevik presenterte undersøking. - Klikk for stort bileteTom Georg Indrevik presenterte undersøking.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 11.09.2018
Fann du det du leita etter?