Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Gav kriseleiinga fullmakt til å vedta smitteverntiltak

Formannskapet gav i dag den kommunale kriseleiinga (KKL) fullmakt til å forlengja varigheita til forskrifta som formannskapet vedtok den 6. november i inntil 14 dagar.

 Frå formannskapsmøtet i dag. - Klikk for stort bileteFrå formannskapsmøtet i dag.

Noverande forskrift gjeld til og med 23. november. Det vert lagt opp til at Bergen og fleire nabokommunar samlar seg om smitteverntiltaka også utover 23. november.

Formannskapet fekk på møtet i dag også fullmakt til å vedta eventuelle justeringar av forskrifta i samråd med medisinskfaglege råd.

På formannskapsmøtet vart ordføraren oppmoda om å støtta Bergen i den krevjande situasjonen. Ordførar Tom Georg Indrevik stadfesta at det har kommunen gjort og vil gjera også heretter.

- KKL skal ha møtet måndag ettermiddag for å ta stilling til om varigheita for forskrifta skal forlengjast og eventuelt justerast. Dersom det vert vedteke å halda fast på at maksimumstalet på personar i private samankomstar skal vera fem personar, vil vi kalla kommunestyret inn til orienteringsmøte på Teams, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

På ein pressekonferanse fredag ettermiddag varsla byrådet i Bergen at dei strenge tiltaka vil halda fram i to nye veker, men at ein dei neste dagane vil vurdera om enkelttiltak skal justerast.

Smittetrenden dei siste 14 dagane viser at Øygarden har hatt eit smittetrykk på 185 smitta pr 100 tusen innbyggjarar. Bjørnafjorden kommune har hatt 144 smitta pr. 100 tusen innbyggjarar. Dei tilsvarande tala for Alver er 89, Askøy 233 og Bergen 359.

Tekst og foto: Vigleik Brekke