Gassen er avgjerande for Europa

- Dette anlegget er avgjerande for energisituasjonen i Europa. Det var olje- og energiminister Terje Aasland tydeleg på då han besøkte Kollsnes prosessanlegg i dag. Han besøkte også anlegget til Northern Lights i Energiparken.

- Norsk gassproduksjon er avgjerande for Europa, seier olje- og energiminister Terje Aasland. Månad besøkte han Kollsnesanlegget (biletet) og Northern Lights i Energiparken - Klikk for stort bilete- Norsk gassproduksjon er avgjerande for Europa, seier olje- og energiminister Terje Aasland. Månad besøkte han Kollsnesanlegget (biletet) og Northern Lights i Energiparken.


Statsråden var oppteken av kor viktig olje- og gassproduksjonen er no i ei krevjande tid for Europa.

- For to år sidan var vi opptekne av korleis vi skulle verta kvitt gassen. No er situasjonen snudd om. Vi må sikra gassleveransen framover for Europa. Betydninga gassen har for energiforsyninga har vore litt undervurdert. Eg kan nesten ikkje skildra med ord kor viktig dette er, sa Aasland.

Statsråden vart først teken imot av ordførar Tom Georg Indrevik og leiar for Kollsnes prosessanlegg og Stureanlegget, Bjarte Padøy. Plassjefen kunne fortelja at i gassåret 2022 (1. oktober 2021 til og med 30. september 2022) vart det produsert 49,4 milliardar kubikkmeter gass frå anlegget på Kollsnes.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Terje Aasland og Bjarte Padøy - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Terje Aasland og Bjarte Padøy.


Kollsnes-anlegget tek imot gass i røyrleidningar frå felta Troll, Kvitebjørn, Visund og Fram og prosesserer gassen før han går i røyr til Europa. 40 prosent av norsk gassproduksjon skjer via anlegget på Kollsnes.

- Gassen vert ferdigbehandla her. Det einaste som skjer med gassen før han vert nytta av hushaldningane i Europa er at han får tilført eit stoff som gjev gassen lukt (som tryggleikstiltak), sa Padøy.

Padøy orienterte statsråden om dei tre hovudsatsingane til Equinor. Olje- og gassproduksjonen skal optimaliserast, og her er Kollsnes og Stura ein viktig del av verdikjeda.  Vidare skal det satsast sterkt på fornybar energi som til dømes vindkraft. Vindkraft er mellom anna viktig å realisera elektrifiseringa av Troll og Oseberg.

Den tredje satsinga er lågkarbon. Her er karbonfangsprosjektet Northern Lights eit fyrtårn.

Statsråden fekk også omvising i dette anlegget i Energiparken. Oppstart av lagring av CO2 er i 2024. I oktober vart visnings- og administrasjonssenteret der offisielt opna. Han vart også orientert om planane om erverv av nytt areal for å utvida Energiparken for mellom anna å gje plass til Hydrogenproduksjon.

Statsråden samtalar med unge medarbeidarar på Kollsnesanlegget. Frå venstre; Mats Riise Pedersen (lærling automasjon), Thomas Skår Svendsen (fagoperatør automasjon), Amalie Brandt (lærling kjemi og prosess) og Kent-Robin Tjong (prosessoperatør) og Terje Aasland. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Mats Riise Pedersen (lærling automasjon), Thomas Skår Svendsen (fagoperatør automasjon), Amalie Brandt (lærling kjemi og prosess) og Kent-Robin Tjong (prosessoperatør) og Terje Aasland..


Statsråd Terje Aasland brukte god tid på å snakka med lærlingar og andre unge medarbeidarar som styrer med automasjon. Han understreka kor viktige desse medarbeidarane er for produksjonen.

- Dette er ein fin arbeidsplass med gode og ordna arbeidsforhold, sa Thomas Skår Svendsen som er fagoperatør i automasjon.


Tekst og foto: Vigleik Brekke